Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik passar du på drenet ditt

Du har fått inn eit dren (pigtaildren) på sjukehuset. Det kan være på grunn av en obstruksjon i galleblæra/gallevegane, eller ei oppfylling av væske eit anna sted i kroppen.

Mann med dren ut fra buk

Dren er ein kirurgisk behandlingsmåte som brukast for å lede væske (blod, puss eller liknande) bort frå sårhol eller holrom i kroppen. Når du har dren er det viktig at du sjekkar drenet, tømmer posen, skyl drenet, og skifter bandasje slik som forklart her. Ta kontakt med din avdeling dersom det er noko du er usikker på.


Sjekk drenet kvar dag

  • Inspiser korleis drenet er festa. Unngå knekk på slangen. Dette kan hindre drenasjen.
  • Fest drensposen lågare enn innstikksstaden, slik at drensvæsken kan renne lett ut.
  • Følg med på fargen på drensvæsken og kor mye som produserast. Du trenger ikkje måle mengda, men hold eit lite overblikk. Ein heilt full drenspose er ca. 600 ml.
  • Følg med på om det har sive væske gjennom bandasjen.

 

Tøm drensposen fleire gonger for dag

  • Tøm alltid drensposen morgon og kveld, elles ved behov.
  • Tømm drensposen når den er ca. 2/3 fullt.
  • Dersom du tømmer drensposen for meir enn 500 ml dagleg, bør du passe på at du erstattar væsketapet med nok drikke. 

 

Skyl drenet kvar dag

Du skal skylje drenet dagleg for å unngå at det går tett. Følg denne prosedyre for skyl av dren, slik gjer du det:

  1. Utfør handhygiene. Press lufta forsiktig ut av saltvatnsprøyta.
  2. Drei trevegskranen slik at pila i midten vender frå korka. Da stenger du og hindrar at væske renn ut når du skrur av korka  
  3. Ta av gamal kork og skru på sprøyta med saltvatn
  4. Drei trevegskranen slik at ei pil er mot sprøyta, og ei pil peikar opp mot drenet i kroppen. Det er no stengt ned mot posen
  5. Skyl med den mengde saltvatn legen har ordinert.
  6. Dersom du har fått beskjed om å aspirere, trekker du no stempelet på sprøyta tilbake igjen, til du har trekt ut same mengde væske som du sette inn.
  7. Drei trevegskranen slik at pila i midten vender frå korka og stenger for at væske renn ut.
  8. Kople av sprøyta og sett på ny kork.
  9. Snu trevegskranen tilbake til original posisjon: ei pil mot drenet i kroppen og ei pil ned mot posen. Den butte enden stenger mot korka.
  10. Dobbeltsjekk alltid at trevegskrana er snudd i riktig retning. 
  11. Kast brukt utstyr og utfør handhygiene.

Skyljing av dren

Det viktig at du skyljer drenet rutinemessig. Her forklarar vi i bilder korleis du går fram.

Til bildeserie
Hold sprøyta på høgkant, press forsiktig ut luft til du ser ein dråpe i opninga

Vanlege problem ved skyl:

  • Dersom du møter motstand når du skyl, kan det være knekk på slangen. Ta av bandasjen og inspiser heile slangen. Rett ut en eventuell knekk og skyl forsiktig. 
  • Det er ikkje uvanleg at det dannar seg små koagel som kan tette slangen, dette kan også løysast ved å skylje litt ekstra.
  • Enkelte gonger kan det lekke ut væske frå innstikksstaden når du skyl. Dersom dette varar ved over 1-2 dagar, kan du ta kontakt med avdelinga. 

 

Bytt bandasje minst kvar tredje dag og ved behov

  • Bytt bandasje minst kvar tredje dag og ved behov
  • Bandasjen byttes alltid dersom den er gjennomtrekt av drensvæske eller om den løsnar.
  • Vask hendene godt før du begynner.
  • Ta bandasjen forsiktig av. Unngå drag i drenet, og unngå helst å bruke saks til å klippe opp bandasjen.
  • Vask forsiktig rundt innstikksstaden med kompressar.
  • Legg ny splitkompress under drenet, og Mepore bandasje over.
  • Drensposen byttes kvar sjuande (7) dag.

 

Observasjonar ved bandasjeskift

  • Inspiser innstikksstaden Det er normalt at det er noko raudt-, hovent- og puss, men ved store eller aukande mengder bør du ta kontakt med avdelinga.
  • Dersom drenet er festa med sting (suturer) i huda, observer at desse ikkje har løsna.
  • Nokre kan oppleve at det kommer villkjøtt rundt innstikksstaden. Dette er ikkje farleg, og kan behandlast dersom det er gir smerter.

 

Dusj og bading

  •  Du kan dusje 24 timar etter drenet er lagt inn.
  •  Du kan dusje med eller utan bandasje, men den skal alltid bytast dersom det blir vått gjennom bandasjen.
  • Vi anbefaler ikkje bruk av badekar eller svømmebasseng så lenge du har dren.

Bestill nødvendig utstyr før du går tom

Du får levert heim til din bostadsadresse frå Seksjon for behandlingshjelpemedel (BHM). Første utlevering får du med deg når du reiser frå sjukehuset. Når du har komen heim,  må du sjølv ta kontakt med BHM når du ser det byrjar å bli tomt. Levering kan ta nokre dagar, så vi anbefaler deg å bestille ca. ei veke før du går tom. BHM kan kontaktast via telefon eller via Helsenorge.no

 

  Ta kontakt med avdelinga dersom:

  • du får feber eller frostbyer
  • får meir vondt rundt drenet 
  • produksjonen på drenet stopper plutseleg opp 
  • fargen på drenet plutseleg endrar seg veldig 
  • innhaldet på drenet blir blodig
  • det lekker mykje væske frå innstikksstaden 
  •  stinga som drenet er festa med løsnar heilt. 
  • drenet drar seg heilt eller delvis ut. 

 

 

Sist oppdatert 22.12.2023