Dag Poliklinikk frå klokken 08.00-15.30.
Hjartekirurgiske kontrollar
Her kjem pasientar som har vært til hjartekirurgi, enten klaff eller koronar, til etterkontroll.
Pacemaker og ICD kontrollar
Her kjem pasientar som skal til kontroll for pacemaker eller ICD.
Hjartesviktpoliklinikk
Hjartesviktpoliklinikken tilbyr individuell oppfølging av pasientar diagnostisert med moderat til alvorlig hjartesvikt. Poliklinikken har også oppfølginga av pasientar etter hjartetransplantasjon.
Etter ein innleiande konsultasjon i hjartesviktpoliklinikken, vert pasienten vanlegvis fulgt i om lag eit år. Sjukdommens utvikling og alvorligheitsgrad blir kartlagt. Dette inkluderer ultralyddiagnostikk, avdekking av ulike hjarterytmeforstyrrelser og tilpassing av medikament. Undervisning og rettleiing knytta til livskvalitet og eigenomsorg er sentrale element i pasienttilbodet.
Det vil også bli vurdert om det er indikasjon for utblokking av kransarterier, opne eller kateterbaserte klaffeoperasjoner samt innlegging av pacemaker og/eller hjartestarter. Ei heilskapleg vurdering er nødvendig for å kunne tilby pasientar diagnostisert med hjartesvikt ei samanhengande behandlingskjede.
Når pasientar har fått tilpassa sin hjartesviktmedisinering, blir oppfølginga som oftast overført til fastlege. Ved behov blir nokre pasientar fulgt over lang tid, som pasientar som vet utgreia for eller venter på hjartetransplantasjon. Enkelte pasientar vil i denne venteperioden ha behov ekstern hjertepumpe (Left Ventrivular Assist Device/LVAD).
Hjartesviktpoliklinikken vert administrert og drifta av spesialsjukepleiarar, fortrinnsvis med mastergradskompetanse innan fagfeltet, i tett samarbeid med hjartespesialistar. Pasientene kan tilvisast direkte frå sjukehuset, frå privatpraktiserande hjartespesialist eller frå fastlegen.
Annan behandling og pasientgrupper på poliklinikken
- Ultralyd av hjartet og trans-øsofagal ekko (TØE)
- Dagpasientar som skal til hjartekateterisering/PCI
- Guch pasienter, medfødt hjertefeil.
- Lipidpoliklinikken (arvelig kolesterol/ hyperkolesterolemi)
- Hypertensjon
- TAVI pre- og post kontrollar
Kveldspoliklinikk frå kl. 16.00 - 19.00.
Her vert diverse undersøkinger gjennomført, til dømes ekko, arbeids-ekg/belastnings-ekg. Pasientane må ha tilvising her.
- Pacemaker og ICD implantasjon
- Elektro fysiologisk undersøkelse og radiofrekvens ablasjon
- 24-timers ekg / holter registrering (24 timers eller 3-7 dagers registrering)
Hjartekateteriseringslaboratorium
Ved hjartekateteriseringslaboratoriet (kat.lab) utfører vi prosedyrar der ein går via blodårene for å undersøke og behandle ulike hjartelidingar. Vi bruker røntgengjennomlysing i alle prosedyrar. I dei fleste undersøkingane brukar ein i tillegg røntgenkontrast.
Pasienten ligg flatt på eit undersøkingsbord, med bevegeleg røntgenutstyr rundt seg, medan ein går inn via blodårer i handleddet eller lysken for å undersøke hjartet. Det vert lagt på ein steril duk som dekker pasienten frå halsen og ned.
Det er stort sett ein lege og to sjukepleiarar med på kvar prosedyre. På grunn av røntgenstrålinga i rommet, beskyttar personalet seg med blyfrakkar medan prosedyren pågår.
På kat.laben vert det blant anna utført koronar angiografi, PCI, høgresidig hjertekateterisering, PFO/ASD-lukking, mm.
Hjarte-CT er ein del av hjartekateteriseringslaboratoriet.