Pasienten ligg flatt på eit undersøkingsbord, med bevegeleg røntgenutstyr rundt seg, medan ein går inn via blodårer i handleddet eller lysken for å undersøke hjartet. Det vert lagt på ein steril duk som dekker pasienten frå halsen og ned.
Det er stort sett ein lege og to sjukepleiarar med på kvar prosedyre. På grunn av røntgenstrålinga i rommet, beskyttar personalet seg med blyfrakkar medan prosedyren pågår. På kat.lab. vert det blant anna utført koronar angiografi, PCI, høgresidig hjartekateterisering, PFO/ASD-lukking, mm.