Bruk av pasientrapporterte data er i aukande grad inkludert i forskingsstudiar, og fleir og fleir ønskjer å kartleggje pasientane sine erfaringar med helsetenesta. Hjå oss kan du få råd og rettleiing i bruk av PROM (pasientrapporterte utfallsmål) og PREM (tilfredsheit med helsetenesta) i dei medisinske kvalitetsregistra, både når det gjeld val av instrument og bruk av pasienterfaringar i forskingsstudiar. I tillegg bistår Fagsenteret avdelingar som skal gjennomføre brukarerfaringsundersøkelser.
Fagsenter for pasientrapporterte data har frå Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) fått i oppdrag å vere ein nasjonal ressurs for PROM (pasientrapporterte utfallsmål) og PREM (tilfredsheit med helsetenesta) i dei medisinske kvalitetsregistera. Organisatorisk er Fagsenter for pasientrapporterte data plassert under Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre (SKDE).
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.