Rådgjeving for forsking
Fagsenteret vårt har som mål å vere eit kraftsenter som kan tilby rådgjeving knytta til forsking på pasientrapporterte data.
Vi kan mellom anna bidra med:
- Rådgjeving av forskarar i val av spørjeskjema knytt til problemstilling og målgruppe
- Rådgjeving i datahandtering, herunder plotting av data og analyseplan i samarbeid med statistikar
- Rådgjeving knytt til innhenting av data ved hjelp av kvalitativ metode, herunder dataprogram for analyse av data og utstyr til opptak av intervju
Generiske og sjukdomsspesifikke spørreskjema
Generiske skjema gjer det mogleg å samanlikne ulike pasientgrupper, mens sjukdomsspesifikke spørjeskjema kan vere naudsynte for å fange opp viktige aspekt innan ein bestemt sjukdoms- eller pasientgruppe. Vår generelle anbefaling er å nytta ein kombinasjon, men om antall skjema må begrensast anbefal vi å prioritera det sjukdomsspesifikke instrumentet.
Vi arbeidar nå med å utarbeida ein skjemabank for PROM som er oversett til norsk og som kan nyttast til ulike sjukdomsgrupper. Lista er ikkje uttømmande, og den vil fortlaupande bli oppdatert. Mykje av informasjonen er basert på informasjon henta fra organisasjonen eProvide (https://eprovide.mapi-trust.org). Om du har bruk for meir utfyllande informasjon om dei enkelte skjema ber vi deg om å ta kontakt.
For skjema, sjå vår skjemabank på nettsiden til Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre.
Du vil og finne nyttig informasjon på:
- Proqolid database - http://www.proqolid.org/
- Cosmin (Consensus-based Standards for the selection of health Measurement Instruments) - http://www.cosmin.nl/
Når du skal sette saman ei spørreskjemapakke kan denne handboka frå SSB vere nyttig: