Avdeling for pasientreiser har ansvar for saksbehandling og økonomisk oppgjer av pasientreiser og gjennomføringa av reiser med rekvisisjon, til og frå offentleg godkjent behandling.
Vi informerer, behandlar, rettleier, tar i mot bestillingar og koordinerer reiser etter Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-6 (Rett til sjuketransport).
Informasjon om pasientreiser for pasient og pårørende
Informasjon for helsepersonell
Serviceerklæring
Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg. Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.
Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.
Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.
05515 er eit nasjonalt telefonnummer som set deg i kontakt med det lokale pasientreisekontoret.
Hovudregelen er at du får dekt reisa di med ein standardsats per kilometer, uansett kva slags transportmiddel du har brukt.
Pasientar som ventar på pasientreise kan gjere dette i eit eige, tilpassa areal i foajeen i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Har du spørsmål om planlegging og gjennomføring av reise med fly, ring oss på telefon 05515.
Frå 12. oktober 2020 vil Helse Bergen vere utan avtale for transport av pasientar med rekvisisjon i fleire distriktskommunar. Helse Bergen beklagar ulempene dette medfører for berørte pasientar. Vi håper å ha nye avtalar på plass i løpet av vinteren.
Denne uken ble det igangsatt et nytt tilbud i regi av Tide, nemlig ekspressbuss mellom HUS og Sogndal.
I samband med overgangen til nye leverandørar av pasientreiser i kommunane Askøy, Bergen, Fjell og Sund, bør rekvirentar og pasientar ta høgde for noko lengre reisetid.
Bergen Taxi har dei siste fire åra hatt det meste av køyringa for Helse Bergen i- og mellom kommunane Bergen, Fjell, Sund og Askøy. Det blei utlyst nytt anbod i fjor haust, noko som resulterer i endringar frå 2. mai 2017.
Helse- og omsorgsminister Bent Høie har offentliggjort ny ordning for pasientreiser. Det blir mulig å søke elektronisk om dekning av reisekostnader og regelverket endres.
Dersom du ikkje kan nytte vanleg rutetransport, kan du få rekvisisjon til di reise av behandlaren din eller av ditt lokale pasientreisekontor. Å reise med rekvisisjon inneber at pasientreisekontoret organiserer og dekker reisa for deg. Du b...
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.