Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

3D-printing

3D-printing er ein produksjonsmetode der ein lagar eit fysisk objekt basert på ei digital fil. Metoden blir også kalla additiv produksjon fordi ein byggjer eit produkt ved å leggje til materiale. Dette er motsett av tradisjonell produksjon der ein kjem fram til ei form ved å maskinere vekk materiale.

3D modell av underkjeve. Foto
3D modell av underkjeve.

Medisinsk-teknisk avdeling på Haukeland har brukt denne teknologien sidan 2015, og vi finn stadig nye bruksområde. Sidan 3D-printing er godt eigna for å lage kompliserte former og kan produsere i ein rekkje forskjellige materiale, er det nesten ingen grenser for kva bruk ein kan sjå for seg innan helse.

Vi har utvikla ein rekkje spannande produkt som blir brukt dagleg på sjukehuset, ofte til å løyse utfordringar som vi ikkje kunne klart utan 3D-printing:

  • Verktøy, reservedeler, forskingsutstyr og prototypar kan designast for å løyse heilt spesielle oppgåver.
  • Operasjonsutstyr og implantatar kan bli teikna for å passe til akkurat den pasienten det gjeld.
  • Røntgenbilde av kompliserte skader eller deformitetar kan bli gjort om til fysiske modellar som kirurgane kan øve seg på før operasjon.
Kanskje vi ein gang i framtida til og med kan dyrke organisk materiale og printe det som trengs av organar?
3D modeller under- og overkjeve. Foto

Medisinsk-teknisk avdeling har også ein komplett tradisjonell verkstad, og kontaktar med lokal industri som gjer at vi kan dekkje eit stort spekter av produksjonsbehov.

​Det er mange forskjellige metodar innan 3D-printing, men felles for alle er at dei byggjer fysiske ting ved å leggje eit materiale lagvis. Materialet kan vere for eksempel betong, metall, plast, sjokolade, hud eller tre - alt etter kva for ein metode du bruker og kva for ein skrivar du har.

Alt tar utgangspunkt i ein digital 3D-modell som bestemmer korleis produktet skal sjå ut til slutt. I eit dataprogram blir denne modellen delt i tynne snitt og kvart snitt fungerer som ei teikning som viser skrivaren kva den skal produsere, lag for lag.

3D modell, firkanter blir til kube. Grafisk illustrasjon.
 

På denne måten kan 10 teikningar av firkantar bli til ein pyramide eller til ei terning. Ti ringar blir til ei røyr og ti myntar blir til ein stang.

3D modell, rektangulære plater blir pyramide. Grafisk illustrasjon.

​Som alt anna har 3D-printing også sine avgrensingar. Kvar maskin er for eksempel spesialisert på ein bestemt type materiale og metode, og det er heller ikkje den raskaste produksjonsmetoden som finst.

Det betyr at dersom du skal lage 1000 plastkorkar vil det framleis lønne seg å støype desse. Men om du kun treng ein plastkork, som er annleis alle andre plastkorkar, då er 3D-printing eit godt alternativ!

3D modell lårbein. Foto
3D modell av knokkel. Foto
3D modeller av ulike bein og knokler. Foto

Lurer du på noko om 3D-printing?

Ta kontakt med ingeniør Rolf Arne Haakonsen

E-post:rolf.arne.haakonsen@helse-bergen.no 
Telefon: 55 97 79 77

Sjå video frå 3D Testlab, Haukeland universitetssjukehus:

 

Medisinsk-teknisk avdeling

Avdelinga tar hand om Helse Bergen sitt medisinsk-tekniske utstyr frå innkjøp til kassering. Dette gjeld utstyr som ultralydapparat, pasientovervaking, MR / CT / røntgen, respiratorar, kuvøser, hjertestartarar, laboratorieutstyr, mikroskop, operasjonsutstyr og utstyr for heimebehandling. I tillegg utfører avdelinga ei rekkje konstruksjons- og prototypeoppdrag for sjukehuset.
Les meir om avdelinga
Eksteriør verkstedbygget på Haukeland. Foto

Seksjon for behandlingshjelpemiddel

Vi formidlar og låner ut medisinsk-teknisk utstyr til pasientar som får utstyr med heim etter opphald i sjukehus eller poliklinikk.
Seksjon for behandlingshjelpemiddel
Helsepersonell med medisinsk-teknisk utstyr
Sist oppdatert 06.07.2023