Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Bilde av bygget i Solheimsgaten hvor BHM holder til.

Behandlings­hjelpemiddel (BHM)

Vi har ansvar for utlån av medisinsk-teknisk utstyr og forbruksmateriell til pasientar med behov for behandling i heimen etter opphald i sjukehus eller poliklinikk.

 

Alle pasientar som har fått utdelt utstyr til heimebehandling frå Helse Bergen kan bestille nytt forbruksmateriell etter behov. 

Bestill i god tid, minumum 1 uke før du treng påfyll. 

 

Bestilling av forbruksmateriell

  • Via Helsenorge.no

Steg for steg : Slik kontaktar du oss via helsenorge.no

  • Via telefon

Du kan kontakte oss via telefon (55 97 41 77) innanfor opningstidene, for bestilling eller rettleiing.

 

Levering av forbruksmateriell 

  • Post

Vi sender bestillinga til deg i posten. Du vil motta hentemelding frå Posten når pakken er klar til henting på din lokale hentestad.

Leveringstid varierer frå to til fem arbeidsdagar. Dersom varene ikkje er på lager, må det bereknast noko lengre leveringstid. 

  • Henting i lokala våre

Dersom det hastar, kan du hente varene i lokala våre.

Bestillinga må gjerast innan kl. 12 dagen før ønsket hentedato. Du må hente varene innan to dager, for å unngå at dei blir sende tilbake til lageret vårt. 

  • Heimlevering

Ved store bestillingar, kan du avtale heimlevering med sjåfør. Bestillinga blir levert mellom kl. 09:00 og kl. 15:00, og du må være heime på avtalt leveringsdag.

 

Når du ikkje lenger har behov for utstyret, skal det returnerast til BHM, slik at det kan komme andre pasientar til nytte. 

Forbruksmateriell skal ikkje returnerast til BHM. 

 

Ta kontakt med oss, enten via telefon eller helsenorge.no. 

 

 

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Tysdag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Onsdag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Torsdag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Fredag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen,
Haukeland Universitetssjukehus,
Eining for behandlingshjelpemiddel,
Postboks 1400,
5021 Bergen

Kontakt oss via Helsenorge.no

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Solheimsgaten 13, inngang A. 
Du finn oss i 6. etasje i det brun-raude bygget "Motorhallen".

Inngang A er lokalisert i "bakgard" mellom bygga "Motorhallen" og "Beddingen".

Dersom du kjem med bil, tek du av på innkøyrsel som ligg i bakken mellom rundkøyringa i Michael Krohns gate/Solheimsgaten og Bergen legevakt. 

 

Besøkstider

Solheimsgaten 13
Inngang A, 6. etg
5058 Bergen
Besøkstider
  • I dag 09:00 - 15:00
Brun bygning sett fra bakgården

Solheimsgaten 13

Solheimsgaten 13

5058 Bergen

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsplassane i Solheimsviken nyttar Sesam Sesam billettløs parkering. Når du kjører inn på området i Solheimsviken, leses bilskiltet ditt automatisk. Du må være registrert som brukar hos Sesam Sesam for å unngå ekstra kostnadar.

Les meir om denne parkeringsordninga

Dersom du ikke er registrert bruker av Sesam Sesam, kan du betale i betalingsautomaten som er plassert utanfor hovudinngang til Bergen Legevakt.

Du taster inn bilnummeret ditt og automaten beregner parkeringsavgiften. Du må betale med gyldig betalingskort/bankkort.

Dersom du kjører ut fra området uten å betale samme dag, vil det bli tilsendt faktura. Da kommer det fakturagebyr i tillegg til parkeringsavgiften.

Merk:

Det er begrenset med parkeringsplasser utenfor Bergen Helsehus. Det kan derfor skje at du ikke finner plass umiddelbart.

Det er også mulig å benytte parkeringshuset SolheimsGarasjen i Solheimsgaten 29.

https://bergenparkering.no/

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.