Dokumentasjonsavdelinga består av fire seksjonar, som utfører ulike støttetenester for Helse Bergen. Vi er organisert under Drift/teknisk divisjon, og betener nærare 30 avdelingar og klinikkar i føretaket.
Vil du jobbe hos oss?
Meir om Drift-/teknisk divisjon
I 2019 var det:
- skrive 92 800 dokument
- skanna 431.000 brev og dokument
- sendt ut 898.000 brev
- registrert 41.000 augeblikkeleg hjelp
Tilsette
Eit sjukehus i dag er avhengig av rask tilgang til oppdatert informasjon. Våre tilsette sørgjer for at legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell til ei kvar tid har dei pasientopplysningane dei treng. Vi er ansvarlege for at all post til føretaket finn vegen gjennom dei rette systema, som DIPS og Elements. I tillegg til dette har vi samla 50 tonn papirjournalar i eit felles depot, noko som er viktig for pasienttryggleik, rettstryggleik og forsking.
Leiinga
- Avdelingssjef: Kjersti Merkesvik Raum-Johansen
- Seksjonsleiar for Seksjon for medisinsk dokumentasjon: Jeanette Rasmussen
- Seksjonsleiar for Fagseksjon for arkiv/sakdokumentasjon og depoter: Gro Elisabeth Sundt
- Seksjonsleiar for Seksjon for fag og utvikling: Elisabeth Gudmestad
Førespurnadar sendast til
postmottak@helse-bergen.no
Våre seksjonar
Seksjon for medisinsk dokumentasjon
Hovudoppgåvene er skriving og skanning i pasientjournalsystemet DIPS, både for somatikk og psykiatri. I tillegg registrerer og skannar vi eksterne tilvisingar, dokument generert i løpet av sjukehusopphaldet og anna DIPS post.
Seksjonen har ansvar for føretaket si posthandsaming. Dette inneber mottak, sortering, levering, innhenting og utsending av post.
Vi har og sekretærteneste i Mottaksklinikken som er dei einaste tilsette i avdelinga med direkte pasientkontakt.
Les meir om sekretærane i Team MottaksklinikkenFagseksjon for arkiv / saksdokumentasjon og depot
Seksjonen har ansvar for sentralt postmottak, og heile føretaket sitt saks- og arkivsystem Elements. Dei har og ansvar for føretaket sitt depot som i hovudsak består av pasientdokumentasjon på papir heilt tilbake til 1800-talet.
Seksjon for fag og utvikling
Seksjon for fag og utvikling skal fremje fagutvikling og heilskapelege dokumentasjonstenester. Det vil seie at seksjonen skal drive med blant anna internopplæring i DIPS, rutinebeskrivelser, samt beslutningsstøtte ved å utarbeide rapportar og statistikk for avdelinga. Seksjonen har også hovudansvar for prosjektgjennomføring og avdelinga styringsdokument i Elektronisk kvalitetshandbok.
I tillegg handsamar dei førespurnadar om innsyn i pasientjournal.