Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil du jobbe hos Dokumentasjonsavdelinga?

Haukeland universitetssjukehus har samla hovudtyngda av dei kontorfaglege oppgåvene i Dokumentasjonsavdelinga i Møllendalsbakken 7. Her jobbar rundt 140 tilsette fordelt på fire seksjonar.

​Dei fleste jobbar med medisinsk dokumentasjon i DIPS, men vi har og ansvar for sakarkiv og Elements, og ikkje minst depotet med over hundre år gamle pasientjournalar. Posttenesta vår har ansvar for alle brev som går inn, ut og rundt omkring  i Helse Bergen.
 
Dokumentasjonsavdelinga har tre etasjar til disposisjon i Møllendalsbakken, medan sekretærane i Mottaksklinikken-teamet held til i Mottaksklinikken.

 

Sekretærane i Mottaksklinikken har eigen jobbsøkarside - les meir

 

Kva slags bakgrunn treng du?

I vår avdeling finn du eit vidt spekter av utdanningsbakgrunnar. Dei fleste tilsette er per i dag medisinske sekretærar eller helsesekretærar. Andre igjen har fagskule, høgskule, universitet eller profesjonsstudium på CVen. Samstundes har vi tilsette som har kome til oss via sal og service, helse og sosial, kontor og merkantilt arbeid og ikkje minst arkivrelaterte jobbar.
 
Avdelinga vår er ikkje den mest synlege her på sjukehuset, men vi er involvert kvar einaste gong ein pasient kjem til konsultasjon eller vert innlagt. Vår jobb er stort sett i kulissane, der vi ser til at enorme mengder med informasjon vert kvalitetssikra og gjort tilgjengeleg for dei som treng det.
 
I vår avdeling har vi behov for ulike mennesketypar. Her treng vi både dei som likar å jobbe konsentrert og aleine med rutinearbeid, og dei som ønskjer å jobbe utadvendt med kundekontakt og problemløysing i team. Ein ting vi alle må ha felles er evne og vilje til å tilpassa oss nye oppgåver. Sjukehuset sitt behov endrar seg raskt, og det same gjer våre oppgåver.
Ansatte på takterassen. Foto

Foto: Eirik Lande

 

Arbeidsoppgåver 

I vår avdeling skannar vi pasient-, saks- og personaldokumentasjon i DIPS og Elements. Vi skriv og diktat for legar på sjukehuset.

Posttenesta tek imot og sender ut all post. Depotet tek i mot papirmateriale, vurderar arkivverdig materiale, legg til rette for forsking og låner ut pasientjournalar til leger ute på avdelingane.

Nokre av sekretærane våre har arbeidssted i Mottaksklinikken, som er dei einaste med direkte pasientkontakt. Her har vi ulike oppgåver, mellom anna registrering av øyeblikkelig hjelp i Dips og Meona, blodprøvetaking og postsekretærarbeid. 

Vi har og ein Innleggingstelefon. Dette er ei teneste der fastlegar, legevaktslegar, sjukeheimslegar og liknande ringer inn for å legge inn pasientar som ikkje krev ambulanse.

 
Sist oppdatert 01.02.2024