Tenestetilbod
Dokumentasjonsavdelinga sine tenester er tilgjengelege for heile føretaket.
Depot
Vurderer arkivverdig materiale, legg til rette for forsking, låner ut pasientjournalar, og forvaltar arkivet i tråd med lovverket.
Innsyn i journal
Dokumentasjonsavdelinga leverer ut pasientjournal til pasient eller pasienten sin representant etter førespurnad. Det vert gjort ei utskrift og ei utsending av bestilte journaldokument.
Arkivtenesta
Journalfører all inn- og utgåande post i Helse Bergen, handsamar føretaket sitt epostmottak, arkiverer personalmapper, og står for kundeservice-, kurs- og opplæring i Elements.
Skrivetenesta
Lydfiler med pasientdokumentasjon vert skrive, kvalitetssikra og ført inn i DIPS. I tillegg kvalitetssikrar ein epikriser, det vert teke utskrift, og sendt legedokumentasjon i DIPS.
Skannetenesta
Hovudoppgåve til skannetenesta er å skanne pasientdokumentasjon for heile Helse Bergen i den elektroniske pasientjournalen DIPS.
- Pasientrelatert papirpost skannast og tilvisingar registrerast. Dokumenta vidareformidlast elektronisk til dei ulike avdelingane i sjukehuset. Vi mottek og behandlar og noko elektronisk post.
- Papirdokument produsert i dei ulike avdelingane under sjukehusopphaldet skannast. Dei fleste dokumenta vil og vere tilgjengeleg for pasienten via helsenoreg.no 12 dagar etter skanning.
Sekretærane i Mottaksklinikken
Sekretærane i teamet leverar helsesekretær-/sekretæroppgaver til Mottaksklinikken. Mellom anna registrerar dei all øyeblikkeleg hjelp pasientar i pasientjournalsystemet Dips Arena og Meona.
Dei bemanner resepsjonen i Akuttmottaket og tek blodprøvar i triageteam. I tillegg leverer dei ein postsekretær i Korttidsposten og ein til kvar av utgreiingspostane.
Alle sekretærane går i heilkontinuerleg drift.
Ler meir om sekretærane i MottaksklinikkenPosttenesta
Leverer, henter inn, og sorterer brevpost og internpost til avdelingane på Haukelandsområdet. Utgåande post frå føretaket vert frankert og sendt ut. I tillegg sorterer og pakkar ein brevpost som skal sendast via Rutepost til legekontora.
Sist oppdatert 24.01.2024