Til deg som har barn på Nyføddintensiv
Nyføddintensiv har ei familiebasert tilnærming. Foreldra er dei viktigaste personane for barnet. Derfor ønskjer vi at de skal vere her mest mogleg.
Ei overflytting til Nyføddintensiv medfører ofte stress og uvisse. Personalet er her for å ivareta dykk og barnet. Vi ønskjer å gjere opphaldet dykkar så godt som mogleg. Opphaldet kan vare frå eitt døgn til mange veker, avhengig av barnet sin tilstand. Vi viser deg Kenguruomsorg som inneber at barnet får oppleve hudkontakt.
Ved overflytting til oss ønskjer vi at ein forelder følgjer barnet og at barnet skal kome hud mot hud etter fødselen. Då får barnet ligge på mor eller far sitt bryst. Det kallar vi "kenguruomsorg".
Kvar dag frå kl. 09-11 er det legevisitt. De er sjølvsagt velkomne til å vere med når lege ser til barnet dykkar. Når visitten går til andre barn på same rom, må de ha på hovudtelefonar eller gå ut av rommet. Dette blir praktisert av omsyn til teieplikta for helsepersonell og vern av den enkelte familie.
Nyfødde barn kommuniserer med omverda gjennom kroppsspråk og åtferd. Slik uttrykker dei både velvere og stress. For tidleg fødde og sjuke nyfødde kan bruke mykje energi på å meistre sanseinntrykk. Dei er spesielt sensitive og kan gi svakare signal om korleis dei har det.
Hos oss tilpassar vi omsorga til det enkelte barnet og foreldra. Såkalla “Individuell utviklingstilpassa omsorg” (NIDCAP). Denne metoden styrker banda mellom foreldre og barn, og støttar barnets naturlege utvikling.
Vi rettleier dykk i å tolke barnet si åtferd og svare på signala barnet gir. Her er våre generelle råd:
- Bruk tida saman med barnet
- Gi mykje hud til hud kontakt. Det har positiv innverknad på stabilisering av barnets pust og temperatur, betrar søvn og kvile og fremjer barnets utvikling, tilknytting og amming.
- Gi barnet gode sanseopplevingar ved å vere nær, halde om, tilby litt morsmjølk i munnen om mogleg og bruk mamma- og pappaklut med kjente lukter.
- Snakk med lav og roleg stemme.
- Når barnet må gjennomgå smertefulle prosedyrar som ledd i behandlinga er det godt for barnet at ein forelder er til stades når det er mogleg. Ein del av smertebehandlinga kan vere at du kan halde rundt barnet, gje sukkervatn, sitje hud mot hud eller at mor ammar. Vi rettleier dykk i situasjonen.
- Barnet er følsamt for lukt, lyd og lys. Unngå sterke lukter frå parfyme og tobakk på hud og klede.
- Unngå høge lydar. Mobil, datamaskin og fjernsyn kan vere forstyrrande og bør brukast med varsemd. Ha utstyret på lydlaust eller bruk gjerne hovudtelefonar.
- Sterkt lys er ubehageleg og kan påverke både barnet sin søvn og vakne tilstand.
Vi frarår samsoving
Premature og sjuke nyfødde har litt auka risiko for krybbedød. Når overvaking med pulsoksymeter er avslutta frarår vi deg å sove med barnet hud mot hud. Legg barnet i si eiga seng når du kjenner at du er trøyt og held på å sovne.
Vi legg til rette for amming for dei som kan og ønskjer det. Morsmjølk inneheld alle dei viktigaste næringsstoffa som barnet treng. Morsmjølk inneheld antistoff som beskyttar barnet mot infeksjonar. For mor bidrar amming til at livmora trekkjer seg saman, reduserer bløding etter fødsel og det kan verke positivt på mors velvære.
Handmjølking
Vi anbefaler mor å handmjølke dei to første dagane. Du får god rettleiing både på Kvinneklinikken og på Nyføddintensiv. Du bør starte med handmjølking nokre timar etter fødselen og gjenta om lag kvar 3. time, minimum 6 gonger i døgnet. Spør oss gjerne om hjelp.
Den første mjølka er nokre dråpar råmjølk som blir samla i eit lite glas eller ei sprøyte. Etter kvart kan du bruke elektrisk brystpumpe. Vi anbefaler å pumpe begge bryst samtidig 6-8 gonger i døgnet. Begynn med nokre minutt og auk gradvis til om lag 20 minutt.
Personale vil bidra med gode råd. Du som ammar blir rådd frå å røyke, snuse og å bruke alkohol eller andre rusmiddel. Når amming ikkje er mogleg eller ønskeleg, finst det gode morsmjølkerstatningar som gir fullverdig næring for det nyfødde barnet. Dei aller minste barna vil kunne få morsmjølk frå Nyføddintensiv sin mjølkebank.
Barnet kan og få mjølk når det ligg på mor eller far sitt bryst.
Far gjer klar mjølka
Mjølka blir gitt per sonde til barnet
Barnet får mjølk
Kuvøse og vannseng
Overvakingsskjerm (skop)
Venekanyle
Sonde
Lyskasse
Premature og nyfødde kan få gulsott (høg bilirubin) og vil kunne trenge lysbehandling den første tida. Då ligg barnet avkledd med ei lyskasse over senga si. Barnet ligg med kontinuerleg lysbehandling, med korte pausar ved måltida. Lysbehandling tar vanlegvis eit døger, men nokre kan trenge fleire behandlingar.
Pustehjelp
Nokre premature og sjuke nyfødde treng hjelp til å puste den første tida. Ved hjelp av medisinsk utstyr (CPAP og HighFlow) blir varm, fukta luft og eventuelt oksygen blåst ned i lungene via nasen til barnet. CPAP og HighFlow gjer det lettare å puste. I nokre få tilfelle treng barnet meir pustehjelp og respirator (pustemaskin) kan vere nødvendig ein periode. Treng barnet berre oksygen, blir det gitt via nasekateter.
Premature og sjuke nyfødde er sårbare og særleg utsett for infeksjonar. God handhygiene er derfor viktig under heile opphaldet. Hald neglene korte og utan naglelakk. Ta av deg klokke, ringar og smykke før du reingjer hendene. Du kan anten sprite hendene i 20 sekund eller vaske dei i rennande vatn 40 sekund.
Mobiltelefon må spritast hyppig. Etter kontakt med mobiltelefon/PC må du sprite hendene igjen.
Foreldre og besøkande kan ikkje vere i avdelinga med feber, oppkast eller diaré. Spør personalet viss du er forkjøla.
Du må heller ikkje ha vore i kontakt med barn som har smittsame barnesjukdommar. Vasskoppar er særleg farleg for nyfødde. Spør personalet viss du er i tvil.
Så tidleg som mogleg ønskjer vi at foreldra bur på avdelinga, anten på familierom når barnets tilstand tillét det, eller på foreldrerom. Slik kan de vere mest mogleg saman med barnet, bli trygg i den daglege omsorga og hjelpe barnet inn i ein god rytme med mat, søvn og kvile. Dagen begynner ved 07.30- tida. Då startar gjerne barnets første dagmåltid.
Til alle tider på døgnet vil det vere nødvendig at vi får observert barnet og vi er tilgjengelege for å gi dykk rettleiing og støtte.
De må halde rommet reint og ryddig. Dette er både for å verne barnet mot infeksjonar og fordi det skal vere ein triveleg stad for familien og oss som arbeider der. De har sjølve ansvar for å skifte sengetøy x 1 per veke, og ta det av ved heimreise. Personalet skaffar reint sengetøy ved behov.
Reinhaldspersonalet har ansvar for dagleg reingjering. Kjøleskapet er berre til oppbevaring av barnet si mjølk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Slik koblar du deg til gjestenettet vårt
Måltid for foreldre
Frukost kl. 08.00-09.00
Lunsj kl. 11.30-12.30
Middag kl. 15.00-16.00
Kvelds kl. 18.30-19.30
Dersom begge foreldra mottar pleiepengar som følgje av at barnet er under behandling, vil begge få måltida på sjukehuset. Måltida blir servert i kantina i 3. etasje i Marie Joys' hus. Det er mogleg å ta med maten til opphaldsstova på Nyføddintensiv for dei som ønskjer det. I så fall ber vi foreldre bringe brukte fat tilbake til kantina. Nokre barn kan vere med på opphaldsstova, anten i beresjal eller i senga si.
I Sentralblokka er det to kaféar med salg av varm og kald mat, open for alle.
Nær familie og venner er velkomne på besøk, også for å avlaste foreldre som har behov for det. På Nyføddintensiv må alle besøkande vise ekstra omsyn til barnets behov.
Søsken og smittefare
Søsken er velkomne, men i periodar om vinteren er det stengt for søsken under skulealder på grunn av generell smittefare. Infeksjon med RS-virus er mest vanleg dei første leveåra hos barn (0-5 år) og er ein hyppig årsak til luftvegsinfeksjonar hos spedbarn og små barn. Forbodet er innført for å beskytte dei nyfødde ekstra godt.
Hygiene
Vi ber også alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggande tiltak mot infeksjonar. Sjuke nyfødde og spesielt dei for tidleg fødde barna har nedsett immunforsvar og er dermed meir utsett for å få infeksjonar enn friske, fullborne barn. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til at klokker, ringar o.l. blir tatt av. Det er også redusert moglegheit til mobilbruk på grunn av hygiene og støy.
Dersom de er på fleirsengsrom ber vi om at besøkstidene mellom kl. 17.30-18.00 blir overhaldne.
Utanom besøkstida kan de ta imot besøkande på avdelinga si opphaldsstove.
Mor og far si stemme er heilt unik for barnet og spelar ei viktig rolle for barnets utvikling. Gjennom eit individuelt tilpassa tilbod, får de moglegheit til å lære meir om korleis de kan bruke eigen stemme og song. Slik kan du med di stemme fremme positiv utvikling hos barnet og styrke banda mellom deg og barnet. De vil få rettleiing i korleis de kan kjenne att signala frå barnet og tilpasse stemma og det de gjer til barnets beste.
Musikkterapi som støtte ved prosedyrar
Forsking viser at song og musikalsk tilnærming tilpassa barnet, kan roe barnet og ha smertelindrande effekt. Musikkterapeuten kan delta ved prosedyrar som ein av erfaring veit kan auke stress eller smerte hos barnet. Musikkterapi kan vere ei støtte for både barn og forelder i slike situasjonar. Ta kontakt med musikkterapeuten eller snakk med sjukepleiar på avdelinga dersom du er interessert og vil ha meir informasjon.
Sosionom, psykolog, imam og prest kan kontaktast. Prestetenesta støttar pårørande i krevjande situasjonar uavhengig av livssyn. Personalet kan sette deg i kontakt med den du ønskjer å snakke med.
Foreldretimen
Undervisning onsdagar kl. 12.30–13.30 på opphaldsstova i andre etasje.
Pusterom i musikk
I ein stressande kvardag ønskjer vi at foreldra skal få anledning til å senke skuldrene og for ei lita stund ha fokus berre på seg sjølve. Ved hjelp av lytting til musikk og enkle avspennings- og pusteøvingar, leier musikkterapeuten deg gjennom ein halvtime med avkopling og ro.
Pusterom med musikk er kvar måndag kl. 14.45-15.30 på opphaldsstova. Det er mogleg å gjere avtale om andre tidspunkt ved behov. Ta kontakt med musikkterapeuten eller snakk med sjukepleiar på avdelinga.
Basseng og styrketreningsrom
Dei næraste pårørande til born og unge innlagt på sjukehuset kan bruke tilbod på Energisenteret for barn og unge i Glasblokkene:
- Bassenget kvar tysdag kl. 16.30-17.30
- Styrkerom kvar kvardag kl. 08.00-17.30
Pleiepengar
Foreldre med rett til sjukepengar har rett på pleiepengar frå Nav under sjukehusinnlegginga. Begge foreldre får pleiepengar så lenge det er behov for to til stades.
Reiseutgifter (pasientreiseforskrift)
Ved innleggingar har foreldre rett til å få dekka reiseutgifter. Etter 14 dagar kan ein av foreldra få dekka ei heimreise per veke. Heimreisa blir dekka i etterkant. Skjema og medfølgande kvitteringar skal sendast elektronisk til pasientreiser via helsenorge.no. Pasientreiser kan og kontaktast på telefon 91 50 55 15 .
Dersom ein pasient er på sjukehuset i sju dagar eller meir, har pasienten / pårørande rett til parkering til redusert pris i 1 til 2 veker, for inntil 3 bilar. Prisen er 350 kroner per veke per bil.
Avdelinga fyller ut skjema som bekreftar din rett til redusert parkeringsavgift. De tar med skjema til resepsjonen i Sentralblokka, og dei vil hjelpe deg vidare med parkering på sjukehuset.