Kenguruomsorg

Vi lærer mor og far kenguruomsorg. Alle barn, også dei som ligg i kuvøse kan ligge hud mot hud på mor eller far sitt bryst.

 

Slik er kenguruomsorg

  • Mor eller far sit i lenestol eller i seng, med open skjorte iført ein kengurutopp eller eit sjal for å støtte og sikre barnets stilling
  • Roleg og sikkert blir barnet flytta frå seng eller kuvøse under rettleiing og hjelp av ein pleiar
  • Barnets hud er i mest mogleg grad naken, bortsett frå ei bleie, ei lita hue, ev. sokkar
  • Barnet ligg i ei oppreist stilling med mage og brystkasse mot forelderen sin brystkasse, med
    armar og bein flektert og hovudet vendt til ei
    side utan at nakken blir strekt.

flytting av barn

Bilde: Far flytter barn

kenguruomsorg
Bilde: Barnet får mjølk via sonde

Kor lenge?

Kenguruomsorg kan du gi så lenge som mogleg utanom nattetid. Minimum ein time om gongen. Skriv ned tida barnet har fått hud-mot-hud.
Helsepersonell registrerer kenguruomsorg og andre observasjonar av barnet.

Kvifor?

Metoden kenguruomsorg er anbefalt av Verdas Helseorganisasjon (WHO). Forsking har vist fleire positive effektar hos barnet: Det stabiliserer barnets puls, pust og temperatur, fremmer amming, hjelper å regulere barnets søvn, er positivt for barnets utvikling. Kenguruomsorg styrker banda mellom forelder og barn, og reduserer stress både hos barn og foreldre. Vi håpar foreldra kan halde fram med å gi barnet kenguruomsorg kvar dag så lenge barnet er inneliggande på nyfødd.

Tilbake til sida "Til deg som har barn på nyføddintensiven"

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.