Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Les nøye gjennom vilkåra.
- Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.Trøbbel med påkopling til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan difor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og har problem med å kople til det trådlause gjestenettet?
Dette kan ha noko med nettverksinnstillingane på telefonen din å gjere.
Les meir om kva du kan gjere her