Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Protonbygget
Protonbygget ligg i Haukelandsbakken 48. Bygget opnar våren 2025, er på 5 etasjar og ca 10.700 kvm stort. Protonbehandling vert hovudaktiviteten i bygget. Då dette er organisert som ei fleirregional behandlingsteneste vil pasienter både frå heile Helse Vest og Helse Midt nytte huset.
I Protonbygget startar vi opp med protonbehandling av pasientar 1. mai 2025. I tillegg skal kreftavdelinga ta i mot polikliniske pasientar her. Denne aktiviteten startar på nyåret 2025.
CT-maskina skal brukast til å planlegge strålebehandling, mens MR-maskina i tillegg vil bli brukt til diagnostisering.
Samla vil derfor ei rekke ulike pasientgrupper motta utgreiing og behandling i Protonbygget når det opnar.
Det er ikkje mogeleg å nytte kollektivtransport til Protonbygget, men du kan ta buss eller bane til Sentralblokka på Haukelandsområdet. Herifra kan du gå opp utandørs via Haukelandsbakken.
Innandørs
Føl skilt i underetasje i Sentralblokka til gangtunnel til Protonbygget. I enden av gangtunnelen er det heis til Protonbygget.
Parkering for bil, MC og sykkel i tilknytning Protonbygget er tilgjengeleg i etasje U2. Det er eigen innkjøring via rulleport.
Det er 34 parkeringsplasser for bil innendørs, inkludert 5 for HC (inkl. 2 stk. med lading) og 5 ladeplasser for el-biler. Det er ikkje avklart kor mange avplassane som kan nyttast av pasientar.
Det er eigen sone for parkering av MC innandørs
Parkeringsplassene på utsida av Protonbygget er reservert boligblokkene.
Pårørande, taxi og Pasientreiser kan sette av og hente pasientar utanfor hovudinngangen.
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.