-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Hospitering
Ønsker du å hospitere ved Helse Bergen? På denne sida finn du informasjon om kven som kan søke.
Hospitering er i denne samanheng eit ulønna, tidsavgrensa opphald i ei eller fleire einingar i Helse Bergen. Hensikta med hospitering kan være kompetanseheving, betre kjennskap til pasientbehandling, rutinar og betre samarbeid mellom ulike einingar og nivåar i helsetenesta.
Hospitering må ikkje forvekslast med praksisstudiar i regi av ein utdanningsinstitusjon. Er du student ved Universitetet i Bergen (UiB), Høgskolen på Vestlandet (HVL) og VID vitenskapelige høgskole (VID) må du kontakte skulen din.
Helse Vest jobbar med å forbetre rutinane for inntak av hospitantar. Helse Bergen er ein del av denne prosessen. All informasjon om nye rutinar vil bli publisert på denne sida når dei er klare.
Se retningslinjer for prioritering av mottak av studentar/elever/hospitantar til pasientnær praksis i Helse Bergen.
Maŋemus ođastuvvon 2023-07-06