HELSENORGE
gutt på røntgen

Masteroppgåve

Haukeland universitetssjukehus ønskjer eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane og deira masterstudentar. Både for studentane og sjukehuset er det viktig at masteroppgåver tek for seg relevante og gode problemstillingar. 

Masteroppgåver ved Haukeland universitetssjukehus (HUS)

Vi ønskjer gjerne masteroppgåver som er ein del av ei større forskingsgruppe/prosjekt ved HUS og/eller universitets- og høgskulesektoren.

• For kliniske masteroppgåver bør problemstillingane imøtekoma behova frå dei kliniske avdelingane.
• For masteroppgåver på laboratoria bør problemstillingane imøtekomme behova frå laboratoria.

Datainnsamling gjennom metodane intervju, observasjon og/eller spørjeskjema retta mot pasientar og pårørande, er ressurskrevjande og set høge krav til personvern. HUS ønskjer difor i hovudsak at rettleiarar og studentar vurderer masteroppgåver som nyttar data frå ulike register, gjenbruk av data utan personopplysningar (anon​yme data), litteraturstudiar eller metodikk som ikkje inneberer innsamling og bruk av sensitive data frå pasientar og pårørande.
HUS ønskjer masteroppgåver som har kvalitet og relevans som gjer publisering mogleg.

Formelle krav ved datainnsamling

Rettleiar og student må få godkjenning frå ein nivå 2 leiar ved HUS før ein går i gang med datainnsamling knytt til masteoppgåve.
Vi rår studentar og rettleiarar å lese forskings​rutinane ved HUS før utforming av prosjektskildring er ferdig. Fo​rskingsrutina inneheld viktig og nyttig informasjon om lovverk, malar for samtykke og regulering av samarbeidsprosjekt, og dessutan skjema for teielovnad, og melderutinar for prosjekt som skal meldast til personvernombodet ved HUS eller til Regional etisk komité (REK).

Vi minner om at det er ansvaret til universiteta og høgskulane, og rettleiar å sørgje for at datainnsamling ved HUS følgjer gjeldande lovar og reglar.
Se også forskningshandbo​ka ved HUS

Slik går du frem for å skrive masteroppgåve i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus.​

Masterstudenter som ønskjer og skriver masteroppgave i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus må sende inn ein søknad i WebCruiter. 

Søknaden må innholda ei prosjektskildring og anna relevant informasjon for den spesifikke masteroppgåva. Les annonsen nøye og sjå til at du får med all informasjon som er etterspurt. Informasjon du gir vil bli brukt som grunnlag for behandling av søknaden. 

Søknaden blir behandla hos den aktuelle avdelinga/prosjektet. 

Når søknaden er blitt behandla vil du få svar/bli kontakta. 

Avslag blir sendt ut på e-post. Dersom din oppgåve blir akseptert vert du kontakta og vil få ein kontaktperson som du gjer videre avtale med. ​


 

Fann du det du leita etter?