Visuelt framkalla respons, undersøking av synsbanen frå auget
Visuelt framkalla respons er ei undersøking av synsbanen frå auget, gjennom synsnerven og til hjernen. Undersøkinga kartlegg evna synsbanane har til å leie impulsar frå auget til hjernen og kan påvise sjukdom og skade i synsbanane.
Før Visuelt fremkalt respons
- Hvis du bruker briller eller linser må du ta med disse til undersøkelsen.
- Håret må være nyvasket, tørt og uten hårprodukter som olje, hårspray eller hårvoks.
- Barn kan ha med leikar, smokk, tåteflaske etc.
- Et og ta dei vanlige medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje andre beskjeder er gitt.
Under visuelt fremkalt respons us av synsbanen
Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?
- Undersøkinga er smertefri.
- Under undersøkinga er det mørkt i rommet.
- Personen sitter vanleg vis på ein stol under undersøkinga. Er ein sengeliggjande, kan undersøkinga utførast i seng. Barn kan sitte på fanget til ein av foreldrene, evt. Liggja i barnevogna.
- Elektrodar vert festa på hovudet.
- Auga vert undersøkt kvar for seg. Det auga som ikkje vert stimulert vert tildekt med ein augelapp.
- Personer som kan sitja og konsentrera seg under undersøkinga, får synsnerva stimulert med eit svart og kvitt rutemønster som beveger seg på ein TV skjerm.
- Personer som er sengeliggjande, og mindre barn vert stimulert med blinkande lys.
- For å unngå forstyrringar under undersøkinga, er det viktig å vere roleg og slappe godt av.
- Undersøkinga tek ca.1/2 time, men kan vare lengre.
Etter
Når undersøkinga er over, kan du reise heim eller tilbake til den avdelinga du er innlagd.
Når får eg resultatet?
Når vi får svaret på prøven, sender vi det videre til legen som henviste deg. Svar og eventuelt videre kontroller får du hos den som har henvist deg.
Kontakt
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Kontakt KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Oppmøtestad
Du finn oss i Gamle Hovudbygg på Haukeland Universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen