Undersøking
Ultralyd av hjartet
Ekkokardiografi er ei ultralydundersøking av hjartet der vi kan sjå på dei ulike hjartekammera, på hjarteklaffane og på blodgjennomstrauminga i hjartet.
Vi bruker ekkokardiografi ved utgreiing av dei fleste hjartesjukdommane og medfødde hjartefeil, og dette er veldig viktig før ein operasjon på hjarteklaffane. Undersøkinga kan også vere nyttig for å sjå om hjartet pumpar godt ved alvorlege sjukdommar i andre organ. Vi vurderer hjartemuskelen, hjarteklaffar og dei store blodkara som går til og frå hjartet. Vi vil også kunne måle blodtrykket i lungekretsløpet.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen din eller anna helsepersonell som kan tilvise deg til denne undersøkinga.
Før
Undersøkinga krev ingen spesielle førebuingar. Du kan både ete og ta medisinane dine som vanleg.
Under
Ved undersøkinga må du ligge i sideleie på ein benk. Du må kle av deg på overkroppen og vil bli tilbode å ha på deg ei pasientskjorte som blir opna i brystet. Vi held eit lite ultralydinstrument mot brystveggen din, og bruker ein gel på huda di som du kjenner er litt kald.
Lydproben, som blir halden mot brystveggen, sender høgfrekvente lydbølger mot hjartet. Når desse lydbølgene treffer strukturar i hjartet ditt blir dei sende tilbake til lydhovud og blir viste som bilde på ein skjerm.
Undersøkinga tar mellom 15 og 60 minutt alt etter kva det er som skal undersøkast og vurderast i ditt tilfelle.
Ved hjelp av ultralyd kan vi undersøke:
- Korleis hjartet trekker seg saman når det pumpar blod.
- Størrelsen og veggtjukna i dei fire hjartekammera.
- Rørsla og utsjånaden til hjarteklaffane
- Trykkforhold og blodgjennomstrøyming i hjartet
- Om delar av hovudpulsåra er utvida.
- Skadar på hjartemuskelen etter for eksempel eit hjarteinfarkt
- Medfødde misdanningar i hjartet
Opptaka blir gjennomgåtte nøye og beskrivne av lege med kompetanse innan hjarteultralyd.
Undersøkinga er smertefri. Somme pasientar kjenner likevel lett ubehag når vi held ultralydinstrumentet mot brystveggen.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim eller du skal tilbake til avdelinga. Det er vanleg å få eit foreløpig resultat straks etter undersøkinga. Vi sender skriftleg svar til visande avdeling, sjukehus eller fastlege.
Ver merksam
Det er ingen risiko knytt til ein ekkokardiografisk undersøking.
Kontakt
Sentralblokka
Hjartepoliklinikken
Ventetid: 20 uker
Ventetid: 20 uker
Kontakt HjartepoliklinikkenOppmøtestad
Du finner oss i 1. etasje i Sentralblokka.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen