Behandling
Strålebehandling
Strålebehandling bruker vi både for å kurere kreftsjukdom, som lindrande behandling, og for å førebygge utvikling av sjukdomen. Strålebehandling blir gitt så målretta som mogleg for å gjere minst mogeleg skade på friskt vev.
Stråleterapiavdelinga består av ein planleggingsseksjon med eit CT- og doseplanavsnitt, og ein behandlingsseksjon med strålebehandlingsmaskiner.
Før
All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legane vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose vi skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulsttype, størrelse, lokalisasjon og hensikta med behandlinga. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.
Vi tar vanlegvis CT-bilete av den delen av kroppen vi skal behandle. CT-bileta blir brukt til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg som vi kallar doseplan. Nokre skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (dvs. røntgenkontrastmiddel satt inn i ein blodåre) ved CT-undersøkinga. På CT vil det bli teikna med tusj på huda di og ofte tatoverer vi også på små hjelpemerke. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.
Stråleterapiavdelinga er ansvarleg for planlegging, gjennomføring og oppfølging av pasientar som får strålebehandling ved Haukeland.
I samband med strålebehandling vil kroppen reagera på strålinga i større eller mindre grad. Dei fleste reaksjonane er lokale og vil kunne variera mykje frå person til person.
Informasjonsskriva under vil difor bare fungera som ei rettleiiing, og gjer ikkje ein eksakt oversikt over korleis akkurat du vil oppleva behandlingsperioden. Dei er berre meint å gjera deg bevisst på, kva for erfaringar ein kan gjera seg underveis.
Spør alltid personalet om noko er uklart i samband med den informasjonen du får på avdelinga.
Informasjonsskriv
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Hovud
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Munn Svelg
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Bryst
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Lunge Spiserøyr
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Øvre mageregion
- › Strålebehandling Informaskonsbrosjyre Lymfeknuteområder nedenfor mellomgulvet
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Bekken
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Gynekologisk kreft
- › Informasjonsbrosjyre Brachy
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Urinblære
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Prostata
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Anal- og Endetarmskreft
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre generell
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Barn
- › Strålebehandling Informasjonsplakat Drikkeregimer
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Naseskylling
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Saltvatnsomslag
- › Strålebehandling Informasjonsbrosjyre Stell av Hud
Engelske:
- › Radiotherapy to the Head
- › Radiotherapy upper GI
- › Radiotherapy for prostate cancer
- › Radiotherapy for bladder cancer
- › Radiotherapy for gynecologic cancer
- › Radiotherapy anus or rectum
- › Radiothreapy Skin care during
- › Radiotherapy Salin Soaks
- › Radiation therapy to children
- › Radiotherapy to the breast/chest wall/armpit
- › Radiation therapy to the lungs and the oesophagus
- › Radiotherapy to the pelvic area
Informasjon
- › Kreftforeningens informasjonsfilm om stråleterapi
- › Prostatakreftforeningen flerspråklig informasjon
Under
Selve strålebehandlingen starter som regel i løpet av uken etter CT-undersøkelsen. Du får grundig informasjon om behandlingen når du kommer til første behandling, og da får du også utlevert en oversikt over datoer og tidspunkter for resten av den planlagte behandlingen.
Behandlingen blir vanligvis gitt daglig mandag-fredag. Hver behandling tar cirka 10 - 30 minutter, men selve strålingen varer bare i et par minutter og er helt smertefri.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Dersom du ikkje er innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege og sjukepleiar på poliklinikken.
Strålebehandlinga kan gi ulike biverknader. Kva slags biverknader og graden av desse kjem an på stråledose, kva område på kroppen som blir behandla og størrelsen på strålefeltet. Helsepersonell gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva slags biverknader du kan forvente, samt tiltak mot desse.
Kontakt
Sentralblokka
Stråleterapi
Oppmøtestad
Stråleterapiseksjonen gir saman med avdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus eit strålebehandlingstilbod til pasientane i Helse Vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane).
Spørsmål i samband med oppstart av behandling: tlf. 55 97 20 10 måndag - fredag 07:30-15:30Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen