Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Lungekreft-svulst i lungene

Lungekreftoperasjon

Hovudårsakene til vondarta svulst i lungene er røyking. 95 % av pasientane som får lungekreft er, eller har vore røykjar. I enkelte yrke kan ein verte utsett for stoff som kan auke faren for lungekreft.

Ein godarta svulst gir sjeldan symptom dersom han ikkje sit sentralt i luftvegane. Ein vondarta svulst i lungene gir vanlegvis lite plager. Det kan oppstå hoste, oppspytt (eventuelt blodig), varierande grad av tung pust og smerter.

Den beste behandlinga for lungekreft er å fjerne alt lungevev med kreftceller i. Hos nokon kan det vere nok å fjerne ein mindre del av lunga, hos andre kan det vere nødvendig å fjerne heile lunga på ei side. Operasjonsmetodane vi bruker er kikholsteknikk eller open operasjon. Då opnar vi opp brystkassa mellom ribbeina.

Ved kreftsjukdom andre stader i kroppen, med spreiing til lunge (lungemetastasar), fjernar vi som regel berre svulsten, med noko av lungevevet rundt. For å vere sikker på at heile svulsten er borte, vert fjerna vev sendt til undersøking. Dersom dette er fritt for svulstvev, er det eit teikn på at heile svulsten er fjerna. Spreiing av enkelte kreftceller til andre stader i kroppen kan skje, men kan ikkje påvisast før det har vakse til ein ny svulst av ein viss størrelse. For å hindre ei slik utvikling kan ein gi cellegift etter operasjonen. Ein ventar minst 4 veker etter operasjonen før ein eventuelt gir cellegiftkur. I enkelte tilfelle vil det også bli tilbydd strålebehandling.

Til ei kvar tid vil dei symptoma som oppstår bli behandla så grundig som mogeleg. Vi er spesielt opptatte av å gje best mogeleg smertebehandling. Du vil bli innkalla til kontroll ved lungeavdelinga 4 veker etter operasjonen for å avklare eventuelt ytterlegare behandling.

Før

Dagen du vert innlagd

Dagen du vert innlagd, vil du få munnleg informasjon av sjukepleiar/hjelpepleiar, lege og fysioterapeut.
Før operasjonen vil du få informasjon av kirurgen som skal operere deg, og eventuelt anestesilegen som skal gi deg narkosen.

Du har anledning til å ha med pårørande når du mottar informasjon.
Blant dei rutinemessige førebuingane før operasjonen er blodprøvar, det vert tatt røntgen av lungene dine, eventuelt målingar av lungekapasitet og registrering av hjarterytme (EKG).

Førebuing kvelden før operasjonen

  • Hår i operasjonsområdet vert fjerna, frå ryggrad til brystbein.
  • Du skal dusje og vaske håret før du legg deg, vask spesielt godt under armane, i navlen og nedantil. Bruk vanleg såpe og sjampo.
  • Du må fjerne neglelakk, smykke og sminke.
  • Frå midnatt må du faste, det vil seie; ikkje ete, drikke, røyke, snuse, tygge tyggegummi eller suge på pastillar.

Førebuing operasjonsdagen

  • Du skal igjen dusje
  • Blodtrykk, puls, oksygenopptak og temperatur blir målt
  • Du får eventuelt morgonmedisin
  • Du får reint sengetøy
  • Verdisakene dine vert nedlåste på avdelinga
  • Du får medisin som verkar avslappande
  • Eventuelle tannprotesar tar ein ut før operasjonen.

Røyking

Dersom du røyker før og etter operasjonen, risikerer du fleire plager enn ikkje-røykande nyopererte. Særleg er det auka risiko for slimopphoping i luftvegane, og dermed auka fare for lungebetennelse. Røykjarar hostar meir enn andre, og hoste vil gje smerte i operasjonssåret. Det er derfor viktig at du sluttar å røykje før operasjonen.

Under

Når du kjem til operasjonsavdelinga vert du tatt i mot av legen og sjukepleiaren som skal gje deg narkose. Etter at du har sovna, vil anestesipersonalet legge eit røyr i luftrøyret ditt. Dette vert gjort fordi du under operasjonen vert tilkopla ein pustemaskin (respirator) som hjelper deg til å puste. Når du er vaken og stabil nok, fjernar vi røyret i halsen, og du pustar sjølv.

Lungene er bygde opp av delar som er anatomisk like. Desse delane heiter lappar. Ein lapp inneheld lungevev, blodårer (pulsårer og samleårer) og luftrøyr (bronkiar). Høgre lunge består av tre lappar mens venstre består av to lappar.

Ein svulst er vanlegvis inne i lungelappane. Dersom svulsten er ondarta, er det ikkje tilstrekkeleg å fjerne sjølve svulsten. Heile lappen der svulsten er, må fjernast. Alt etter kvar svulsten sit i lungene, størrelsen eller kor lenge svulsten har utvikla seg , opererer vi bort ein eller to lappar. I nokre tilfelle må vi ta heile lunga på den sida kreftsvulsten er.

Undersøkingane før operasjonen har til hensikt å avklare om svulsten er godarta eller ondarta. Dersom det ikkje lukkast å fastslå svulsttypen før operasjonen, vil dette kunne avklarast under sjølve inngrepet. Vevet som vert fjerna under operasjonen, vert sendt til nærare undersøking for å sjekke om kreften kan ha spreidd seg vidare i lungene. Det kan ta opptil 14 dagar før svaret er klart.

Ved lungekreft lagar vi eit operasjonssnitt som byrjar nedanfor brystvorta og går bakover og opp forbi nedre kant av skulderbladet.

Vanlegvis har lungene overkapasitet slik at det å fjerne ein lapp ikkje betyr så mykje for pusteevna. Klarer ein før operasjonen å gå opp to-tre etasjar utan problem, er lungefunksjonen god og fjerning av lungevev tolererast godt. Men jo meir vi må ta bort, dess meir vil du merke at kapasiteten er redusert.

Etter

Etter operasjonen vaknar du opp på Thorax kirurgisk intensiv og oppvakningsseksjon (TIO). Der vert du liggande til ut på kvelden eller til neste dag før du blir flytta til Hjarteavdelinga post 4, Thoraxkirurgisk seksjon (sengepost).
På TIO vil det vere sjukepleiar rundt deg heile tida som overvaker deg nøye.

Du vil ha ein del utstyr festa til kroppen: 

  • Oksygen i nasen
  • Urinkateter
  • Venflon (eit lite plastrøyr inn i ei blodåre som vi kan gje medisinar og væske i)
  • Smertepumpe tilkopla kateter i ryggen (epidural)
  • Thoraxdren på den sida som er operert
Allereie om kvelden operasjonsdagen vil du få drikke litt, i tillegg til at du får væske inn i blodet (intravenøst). Dagen etter får du ete.

Den nærmaste familien kan ringe 55970391/90 og snakke med den sjukepleiaren som har ansvar for deg, evt. snakke med deg.

Etter operasjonen er det viktig at du kjem raskt i aktivitet. Før operasjonen informerer fysioterapeuten om betydinga av dette, og om viktigheita av eigenaktivitet. Eigenaktiviteten bidrar til å førebygge komplikasjonar, og gjer at du kjem raskare i form. Fysioterapeuten er også med og hjelper deg i gang med øvingar etter operasjonen.

For å betre blodsirkulasjonen bør du gjere nokre enkle øvingar allereie første dagen når du ligg i senga:

  • Bøy og strekk i anklane 10-20 gongar
  • Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, 10 gongar på kvart bein.
  • Stram lår- og setemusklane, slepp. Gjenta 10 gongar.

Øvingane gjerast minst 3 gongar dagleg.

Operasjonssåret og drenet vil føre til smerter og ubehag. Det er derfor naturleg å beskytte seg mot smerter ved å la vere å puste djupt, hoste og kremte. Dette kan føre til at det hopar seg opp slim i luftvegane. Det er viktig at du har god smertelindring så du unngår dette.

Fysioterapeuten går gjennom pusteøvingar med deg, og lærer deg korleis du best mogleg kan få opp slimet.
Aller viktigast både for blodsirkulasjonen og lungefunksjonen, er at du kjem deg opp av senga fleire gongar dagleg.
Dei første dagane etter operasjonen vil det på grunn av sårsmerter vere vondt å strekke armen på operert side heilt opp over hovudet. Det er heller ikkje nødvendig å presse seg til å klare dette. Men etter eit par veker bør du kunne løfte armen like høgt som før operasjonen. Kontroller dette framfor ein spegel.

Restriksjonar

Dersom ingen annan beskjed er gitt, har du ingen restriksjonar når det gjeld å bevege armen.
Dei første 6 vekene bør du derimot ikkje løfte/bere tungt med armen på den opererte sida. Dette fordi musklane mellom ribbene er skorne over i forbindelse med operasjonen, og desse må få tid til å gro. På grunn av smerter vil dette i byrjinga avgrense seg sjølv.

Trening når du kjem heim

For å bli fortast mogleg bra igjen etter operasjonen er det viktig å komme i aktivitet. Gjer noko du trivst med, så går det lettare. Å gå tur er glimrande. Start roleg og tilpass tempo og lengde etter dagsform, terreng og ver. Etter kvart kan du auke både intensitet og lengde.

For å oppnå normal bevegelse i skulderleddet kan du gjere desse øvingane:

I ståande stilling:
• Stå inntil ei dør eller ein vegg, «krabb» med fingrane oppover og nedover.

I sittande eller ståande stilling:
• Løft skuldrene opp mot hovudet og slepp roleg ned igjen
• Fingertuppane på skuldrene. Lag store sirklar med olbogane
• Strekk armane opp så langt du klarer, slepp roleg ned

Gjer kvar øving 5-10 gongar, 1-2 gongar dagleg. Fortsett med øvingane til du har like god bevegelse som før operasjonen.


Nokre smerter og ubehag forbunde med såret må du rekne med inntil det er grodd. Dei første dagane vil du ha ein tynn slange inn mot ryggraden (epiduralkateter). Gjennom den får du smertestillande. Du vil i tillegg få smertestillande medisin i form av tablettar og eventuelt sprøyter.

For å kunne puste djupt, hoste og vere i aktivitet, er det nødvendig med god smertelindring. Sjukepleiarane vil passe på at du får smertestillande medisin. Be sjølv om ytterlegare smertestillande ved behov. Dette er det svært viktig at du gjer. Smerter opplevast forskjellig frå person til person så medisinering må tilpassast den enkelte. Ver førebudd på at du ikkje kan bli fullstendig smertefri.

Til å begynne med kan det vere blå merke/raudheit og hevelse langs operasjonssnittet. Dette vil gradvis forsvinne. Inntil arret er bleikt (hudfarga) bør du bruke solkrem med faktor 20 på arret før du soler deg.
Såret er vanlegvis lukka med tråd som vil forsvinne av seg sjølv. Unntaket er dei stinga som står igjen etter feste av thoraxdren. Stinga etter drenet skal fjernast ca. 2 veker etter operasjonen. Det vil bli gjort på lokalsjukehuset ditt, eller du kan få fjerna dei hos fastlegen din.

Det er vanleg å få noko smerte/ubehag i skuldrene etter operasjonen. Dette på grunn av stillinga armen ligg i under operasjonen.

Under operasjonen blir det lagt inn 1-2 drensrøyr (thoraxdren) som er kopla til eit oppsamlingssystem. Drenets hensikt er å fjerne sårvæske og luft frå brysthola på den opererte sida. Så snart væskemengda og luftlekkasjen minkar og røntgenbildet viser at lunga er fullt utfolda, vil drenet bli fjerna. Dette skjer vanlegvis 2-5 døgn etter operasjonen. Nokre gongar vil det ta lengre tid.

Som følge av operasjonen vil det ofte samle seg slim i lungene. Det er viktig å hoste opp slimet for å førebygge lungebetennelse, derfor må du gjere puste- og hosteøvingar som fysioterapeuten har vist deg. Det kan hjelpe å sitte oppreist i senga. Rikeleg med drikke er også viktig for å løyse opp slim.

Det er vanleg å trenge litt ekstra oksygen dei første dagane etter operasjonen. Dette vurderast ut frå pustekapasitet og ved oksygenmåling av blodet. Oksygenmåling gjerast med ei klype festa til ein fingertupp.

Dersom den eine lunga di er fjerna, vil du i nokre dagar etter operasjonen vere tilkopla hjarteovervaking (scop) som registrerer hjarterytmen din. Dette følger vi med på på vaktrommet. Enkelte kan i periodar få rask, uregelmessig puls som følast som hjartebank. Vanlegvis er dette ein forbigåande tilstand.
Blodtrykk, puls, oksygenopptak og temperatur målast fleire gongar dagleg. Blodprøver vert tatt regelmessig. Litt feber er vanleg dei første dagane

Den første tida har dei fleste problem med treg mage grunna nedsett aktivitet og bruk av medikament. Du vil få eit flytande avføringsmiddel som kan avhjelpe dette problemet. Magen vil begynne å fungere normalt når du kjem tilbake til fysisk aktivitet og faste rutinar. Nedsett matlyst er heilt normalt.
Du får kvalmestillande medisin dersom du har behov for det.

Når epiduralkateteret og thoraxdrenet er fjerna, vil du vanlegvis bli overført til Lungeavdelinga eller til ditt lokale sjukehus for vidare behandling/oppfølging. I nokre tilfelle reiser ein direkte heim frå Hjarteavdelinga post 4.

Under opphaldet på sjukehuset og dei første månadene heime, kan du oppleve svingingar i humøret. Dette kan gje seg utslag på forskjellige måtar. Nokon føler seg deprimerte. Enkelte gret lett utan spesiell grunn og andre blir lett irriterte. Dette kan også ramme ein til vanleg roleg og avbalansert person.


Enkelte gjennomlever ei krise. Sjukdommen, utgreiinga, ventetida, operasjonen og din rekonvalesens påverkar deg både psykisk og fysisk. Kropp og sinn reagerer på det du har gjennomgått og treng tid til å normalisere seg. Du står framfor rekonvalesenstida. I denne perioden bør du arbeide med reaksjonar som oppstår på godt og vondt. Det å arbeide med tankar og opplevingar er viktig. Å snakke med andre, kan vere ei god hjelp.

Å få ein alvorleg diagnose kan gje reaksjonar som sjokk, fortrenging, sinne, skyld og skam. Å føle seg bitter, trøytt og ønske om å isolere seg, er heller ikkje uvanleg. Erfaringar viser at det er godt å få satt ord på følelsane og å vite at slike reaksjonar er heilt normalt. Å vere open med sine nærmaste om sine tankar og følelsar vil gjere det lettare for dei å vere til støtte for deg og at ein i fellesskap kan snakke om sjukdommen. Nokre vil ikkje snakke om sjukdommen sin, mens andre kan ha ønske om å arbeide med tankar og følelsar hos utanforståande ein kan stole på. Forutan personalet på sjukehuset, kan også Den Norske Kreftforeininga vere til hjelp her.

Det kan være vanskelig å få heim ein som er relativt nyoperert. Følgande punkt kan vere til hjelp:

  1. Les denne informasjonen saman.
  2. Du skal ikkje betrakte den opererte som pasient, men som ein rekonvalesent som treng litt ekstra oppmuntring.
  3. Den nyopererte må ikkje overbeskyttast. La han/ho få moglegheit til å kjenne kva han/ho toler.
  4. Dei fleste bør oppmuntrast til å få ein tilnærma normal døgnrytme.
  5. Hugs at du som pårørande også skal leve som normalt, f.eks. oppretthalde sosiale og yrkesmessige aktivitetar, sjølv om du har ein rekonvalesent i huset.
  6. Rekonvalesenten toler å vere aleine, og må få lov til å gjere ein del på eiga hand.
  7. Den opererte bør oppmuntrast til å ta sosial kontakt, men hugs at han/ho lett vil bli trøytt den første tida.
  8. Turgåing er god opptrening. Du kan hjelpe til ved å oppmuntre til dette. Gå gjerne tur saman. Det er hyggeleg med følge på turen.

Ver merksam

g_f51a3c86_b134_4dda_9bc8_821647ff52cf



Kontakt

Sentralblokka Hjarteavdelinga post 4

Kontakt Hjarteavdelinga post 4

Oppmøtestad



Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Det er legevisitt på formiddagen kvar dag. Det er vakthavande lege som går rundt til alle pasientane. I tillegg er det ein pasientansvarleg lege til kvar enkelt pasient, som oftast er det den som har operert pasienten. ​

På Hjerte post 4 blir alle måltider servert i etestova. Her blir alle måltid servert.  

  • Frukost kl. 08-09   
  • Lunsj kl. 12-13  
  • Middag kl. 16-17  
  • Kvelds kl. 20-21  
​Vi oppfordrer alle våre pasientar til å gå ut i buffeten for å eta/henta seg mat, også om du er nyoperert. Dette er ein god måte å komma seg raskt på beina, klarer du ikkje henta maten sjølv, vil personalet gjere det.  
Det er ei eiga kantine i 3. etasje som pårørande kan bruka, i tillegg er det ein kiosk og cafe i 0.etasje.  
På avdelinga er det ein kaffiautomat som kan nyttast av alle (kaffe, te, varm sjokolade, med meir). 

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Pasientar som er kopla til mellombels pacemaker (etter hjarteoperasjon og TAVI) og som er på overvakingsrommet, kan ikkje bruke eigen mobiltelefon. Det er trådlause telefonar tilgjengeleg på avdelinga, ein kan ringe Hjerte post 4 (Tel: 55 97 36 30) og bli satt over. ​

Lag til toalettsaker kvelden i forvegen av operasjon. Desse vil du få tilgang til etter operasjonen. Eventuelle tannprotesar vert lagd i eit beger og kan oppbevarast saman med toalettsakene.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Sjukehuset og avdelingen er ikkje ansvarleg for penger/verdisaker som forsvinn under sjukehusopphaldet.  Derfor tilrår vi å ta minst mogeleg kontantar og verdisaker med på sjukehuset. Avdelingentilrår å legge verdisakene i ein verdisakpose som vert låst ned på avdelinga.

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.