Lindrande behandling
Mange pasientar med livstruande sjukdom har behov for lindrande behandling. Dette kan vere ulike typar medikament, samtalar og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.
Innleiing
Målet med lindrande behandling (palliasjon eller palliativ behandling) er å gjere livet best mogleg, både for deg og dine pårørande, i alle fasar av ein alvorleg sjukdom. Hovudfokuset er å førebygge og lindre symptom som smerte, kvalme, depresjon, åndelege/eksistensielle utfordringar og andre plager som alvorleg sjuke kan oppleve.
Lindrande behandling skal vere eit tilbod til alle som treng det, uavhengig av diagnose, prognose og bustad. Den enkelte helsearbeidaren kan gi god hjelp, men ofte vil personar med ulik yrkesbakgrunn samarbeide for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Eit godt samarbeid mellom helsearbeidarane ved sjukehuset og i kommunen er sentralt.
Pasientar med behov for lindrande behandling kan vere svært forskjellige. I ein tidleg fase kan nokre kan vere fullt arbeidsføre trass i ein sjukdom som ikkje kan kurerast. I ein seinare fase kan ein vere sterkt hjelpetrengande.
I dag utgjer kreftpasientar den største delen av dei som får spesialisert lindrande behandling i Noreg, men også til dømes pasientar med alvorleg hjarte- og karsjukdom, kroniske lungesjukdommar og nevrologiske sjukdommar kan ha behov for lindrande behandling. Moderne kreftbehandling gjer at fleire pasientar lever lenger med sjukdommen. Nesten alle kreftpasientar treng kvalifisert behandling for lindring av smerter og/eller andre plagsame symptom dei siste månadene i livet. I tillegg vil pasientar som lever lenge med ein kreftsjukdom ha behov for lindrande behandling og omsorg i delar av sjukdomsforløpet.
Ofte må vi vurdere kor lenge og kor mykje vi skal behandle ein kreftsjukdom. Ditt ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør ha. Nokre gongar må vi starte ein behandling for å sjå korleis den verkar på pasienten og på kreftsjukdommen. Når vi skal planlegge, starte og avslutte kreftbehandlinga er vi avhengig av informasjon frå deg og dine pårørande, i tillegg til du har ein god dialog med legen. Du skal få informasjon om kva som er hensikta med behandlinga du får tilbud om.
Tverrfagleg samarbeid
Mange ulike yrkesgrupper samarbeider for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Under finn du ein del tilbod som er lista opp. Tilgjegelegheita av desse vil variere frå sjukehus til sjukehus, og du vil få informasjon frå legen din om kva du kan nytte.
Tilvising og vurdering
Behovet for lindrande behandling vil variere frå pasient til pasient. Alle som arbeider i helsevesenet skal kunne tilby lindrande behandling. Nokre pasientar kan ha mange plager samtidig eller svært sterke plager, det vil då vere nødvendig med tilvising til spesialistar i palliasjon for å oppnå god nok behandling.
Når sjukehuset får ei tilvising, blir denne vurdert av lege. Hastegrad blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Din generelle helsetilstand og symptombilde er viktige moment i vurderinga.
Før
Du vil ofte, både ved innlegging og poliklinisk time, bli bedt om å svare på spørsmål om behov, ressursar og eventuelle plager du har. Dette kan gi ei god oversikt over symptoma dine, og vere eit godt utgangspunkt for kommunikasjon mellom deg og helsepersonalet. Mange synest det er ein fordel å ha med ein pårørande til timen eller innlegginga.
Kartlegging av plager
Det er viktig at du som pasient angir eigne plager (symptom) når vi skal planlegge og vurdere kva som er god behandling for deg.
Alle pasientar med behov for lindrande behandling bør få informasjon om viktigheita av strukturert kartlegging av plagene (symptom). Noko kartlegging gjer vi ved å fylle ut eit skjema som eit vidare utgangspunkt for samtale med lege eller anna helsepersonell. Kva symptom du har og i kva grad, varierer med sjukdommen, kva fase ein er i og frå pasient til pasient. Grundig kartlegging både før og etter at behandlinga startar, og gjentatte gongar undervegs er derfor viktig.
Under
Vuosttaš geardde go boađát poliklinihkkii dahje seaŋgaossodahkii, de lea dus ságastallan sihke buohccedivššáriin ja doaktáriin, ja doavtteriskkadeapmi dahkko.
Makkár viidáset čielggadeapmi dahkko, ja makkár divššu oaččut, lea čadnon du čulbmii ja makkár givssit dus leat. Givssit ja dávdamearkkat mat sáhttet čuožžilit ja maidda dárbbašat buoret geahpedeami sáhttet ovdamearkka dihte leat bákčasat, váibmogákkahat, biebmováttut, obbon, oađđinváilevašvuohta, lossa vuoiŋŋahat ja lossamiella. Leat ollu iešguđet lágan fágajoavkkut geat ovttasbarget dutnje addit buoremus divššu. Du oapmahaččat sáhttet maid oažžut ságastallanfálaldaga.
Dávjá addojit dálkasat mat geahpedit du dávdamearkkaid. Borasdávdapasieanttaide sáhttá maid fállojuvvot suonjardikšu dahje seallamirkodikšu. Muhtun háviid sáhttá kirurgalaš čuohpadeapmi leat áigeguovdil.
Muhtun pasieanttat dárbbašit liige čuovvoleami ja divššu. Dakkár dikšu sáhttá leat beaivedikšu mii addojuvvo poliklinihkalaš rahpanáiggis. Dat sáhttá leat varrasirdin dahje eará dálkkaslaš dikšun, dahje árvvoštallamat das ahte dárbbašat go sisačálihuvvot buohccivissui. Beaivedikšu sáhttá leat oktolanjas mas lea sihke seaŋga ja stuollu pasieanttaide geat galget oažžut čađahuvvot plánejuvvon divššu, dahje geat dárbbašit veahki fáhkka dilálašvuođain.
Etter
Sjukehuset samarbeider tett med kommunehelsetenesta. Før du reiser tar vi kontakt med kommunen dersom vi ser det er nødvendig. Ofte blir det laga ein behandlingsplan. Viktig informasjon om kontaktpersonar, telefonnummer og medikament du skal ta, skal vere oppdatert. Nokre gongar kan Individuell plan vere til god hjelp. Denne inneheld kontaktinformasjon, i tillegg til oversikt over dine eigne og pårørande sine ønske og behov.
Kontakt
Sentralblokka
Kompetansesenter i lindrande behandling
Oppmøtestad
Legar og sjukepleiarar har ansvaret for den medisinske behandlinga ved sjukehuset, inkludert lindrande behandling. Samarbeid med andre yrkesgrupper som palliativt team er ofte nødvendig, men personalet på sengeposten eller poliklinikken har hovudansvaret når du er på sjukehuset.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen