Kreft i auget og strålebehandling
Ved kreft i auget for eksempel uvealt malignt melanom, er episkleral brachyterapi ei form for strålebehandling der strålekjelda blir festa mellombels på augeeplet nær augesvulsten. Denne behandlinga blir utført i samarbeid mellom augeavdelinga og kreftavdelinga. Episkleral brachyterapi brukast til å behandle uvealt malignt melanom, og andre former for augekreft.
Kreft i auget (uvealt malignt melanom)
Symptom
Malignt melanom i auget fører ofte til ein skygge i synsfeltet eller ei fordreiing av synsbildet. Svulsten kan også føre til forhøga augetrykk og smerter.
Undersøking
Alle pasientar med synsforstyrring av ukjent årsak bør få undersøkt augebotnen. Legen vil da bruke eit såkalla oftalmoskop som gjer det mogleg å sjå inn i auget gjennom pupillen (som på førehand er utvida med augedropar).
Et malignt melanom kan ein ofte sjå som ein rund, gråbrun svulst i augebotnen. Det kan vere vanskeleg å skille eit melanom frå andre pigmenterte flekkar og godarta svulstar i auget.
Metodane som ein bruker for å stille diagnosen, er blant anna ultralydundersøking av auget og kontrastundersøking (fluoresceinangiografi) som gir informasjon om svulstens storleik, plassering og blodforsyning.
CT- og MR-undersøking blir brukt til å berekne svulstens storleik og lokalisasjon. Ved små svulstar og usikker diagnose kan det bli nødvendig å observere tilstanden over tid, for å sjå om det tilkjem vekst eller andre teikn på at dette er ein ondarta svulst. Vevsprøve (finnålsbiopsi) av tumor kan vere nødvendig for å skille mellom malignt melanom og svulstar av anna årsak.
Ved mistanke om uvealt malignt melanom må det også gjerast ei meir omfattande utgreiing med røntgenundersøking av brystkasse, mage og lever, og blodprøver for å utelukke at det føreligg spreiing til andre stader i kroppen.
Under
Episkleral brachyterapi
På grunnlag av svulstens størrelse og plassering i øyet, bruker en ulike dataprogram for å beregne den stråledosen som er nødvendig for å stoppe videre vekst av tumor (doseplanlegging).
Strålekilden forblir festet til øyet i 2-7 dager, og pasienten er i denne perioden inneliggende på avdelingen. Så fjerner en strålekilden med en ny operasjon, og dette inngrepet kan utføres i lokalbedøvelse eller narkose. Som regel tilbakedannes tumor etter bestrålingen, men komplikasjoner i form av stråleskade av netthinne og synsnerve kan skje.
Enukleasjon
Annen behandling
Oppfølging og prognose
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje måndag - fredag kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00: Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.
Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen