Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Akutt behandling i trykkammer

Hyperbar oksygenbehandling, akutt dykkersjuke

Her finn du informasjon om akuttbehandling av dykkeskadar og akutt hyperbar oksygenbehandling (HBO) av dykkarsjuke.

Vi har dykkemedisinsk vaktberedskap heile døgnet for Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal  og Trøndelag. 

Ved dykkarulykke, ring 113 og be om næraste dykkarlege.

Om du har milde symptom eller om du har bekymring eller spørsmål etter dykk, ønsker vi å bli kontakta om dette også. Ring 113 og be om næraste dykkarlege. Du blokkerer ikkje «meir akutte» henvendelsar.

Ved spørsmål om ein er helsemessig skikka til å dykke / sertifisering av sports- eller yrkesdykkarar, kontakt Undervannsbåt/Dykkerlegens avdeling på Haakonsvern på telefon 55 50 21 59 / 60

Gi tydeleg beskjed om dykkarulykke

AMK-sentralane har spesifikke prosedyrar som beskriv vidare oppfølging.

Det finst fleire akutte tilstandar som kan skuldast dykking, og det er viktig å kjenne til dei vanlegaste symptoma.

Ved trykkfallsjuke oppstår det skadar grunna gassovermetting. Dette skjer når det dannar seg gassbobler i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skillast ut via lungene ved for rask oppstiging. Desse boblene blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ein rekkje biokjemiske prosessar som kan føre med seg helseskade.

Kva er eigentleg symptoma på trykkfallsjuke?

Symptoma ved trykkfallsjuke er så varierte og så mange at det blir for omfattande å liste opp alle, men etter vår erfaring er dette dei vanlegaste:

  • Trøyttleik (unormalt mykje)
  • Hovudpine
  • Nomen, prikkingar, stikkingar i bein eller armar
  • Kraftsvekking i bein eller armar
  • Svimmelheit
  • Leddsmerter (typisk store ledd, vanlegvis berre på eine sida, blir ikkje forsterka av rørsle, smerteavlasting ved å halde leddet i halvt bøya stilling)
  • Hudkløe, eventuelt med utslett

Ver merksam på at lista på ingen måte er fullstendig. Særleg kan trykkfallsjuke som rammar nervesystemet (ryggmarg og hjerne) gi ei rekkje andre symptom.

Hovudregelen er: Er du i tvil, så er det ingen tvil - kontakt lege!

Vi har døgnkontinuerlig dykkemedisinsk vaktberedskap. Kontakt oss via AMK-sentralen - telefon 113

Om pasienten ikkje er vaken, sikre frie luftvegar og sjekk om pasienten pustar normalt. Om  ikkje: Start hjarte- lungeredning.

  • Oksygen
    Gi 100% oksygen kontinuerleg.
  • Leie
    Plasser pasienten i behageleg leie.
  • Drikke
    Vakne pasientar bør gis rikeleg klar drikke. Unngå kaffi, te og alkohol.
  • Pasienten skal ikkje røyke.

For meir informasjon, sjå brosjyra: Initial diagnose og behandling av dykkeskadar (pdf)

Tiltak ved utelaten dekompresjon og ukontrollert oppstigning

Om dykkaren har overskrid dykketabell eller dykkecomputer, (utelaten dekompresjon) utan å få symptom: Følg anbefalingane i dykketabellane, og kontakt oss via AMK-sentralen - telefon 113.

På generelt grunnlag skil ein gjerne mellom to grupper dykkeskadar på bakgrunn av årsaksmekanismen.

Initial diagnose og behandling av dykkeskadar (pdf)

1. Barotraume

Dette er volumendringar av gass som finst i kroppen sine luftfylte holrom som kan forårsake direkte skadar; hyppigast i biholer, øyre og lunger. Dette skjer som oftast under rask ned- eller oppstiging.

2. Trykkfallsjuke

Skadar forårsaka av gassovermetting. Gassbobler blir danna i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skillast ut via lungene ved for rask oppstiging.

Desse boblene blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ei rekkje biokjemiske prosessar som kan føre med seg helseskade.

Risikofaktorar

Ved rask eller ukontrollert oppstiging grunna utstyrsfeil eller panikk, kan det lett oppstå barotraume (lungesprenging om ein har halde pusten under oppstiging) og trykkfallsjuke. Nærdrukning kan òg vere mogeleg.

  • Redusert allmenntilstand før dykk (sjukdom / bakrus)
  • Manglande dekompresjonstid
  • Maksimal utnytting av tabell
  • Gjentekne dykk same dag eller påfølgande dagar
  • Ugunstig dykkeprofil (jojo-dykk)
  • Tidlegare trykkfallsjuke
  • Anstrengande dykk
  • Dykking i kaldt vatn
  • Alder over 45 år, overvekt
  • Manglande opplæring / sviktande sikkerheitsrutinar
  • Fysisk aktivitet etter dykk
  • Flyreisar / høgfjellsovergangar kort tid etter dykk
  • Røyking
  • Inntak av kaffe / te / alkohol (vatndrivande)

Diagnose

Det er viktig med rask og korrekt diagnose. Invalidiserande trykkfallsjuke kan oppstå raskt eller gradvis i dei fyrste timane etter dykk. Dersom det har gått meir enn 24 timar frå siste dykk til symptoma oppstår, er det mindre sannsynleg at dei skuldast trykkfallsjuke.

Trykkfallsjuke kan likne akutte nevrologiske sjukdommar med progredierande, oftast flekkvise parestesiar, smertar i store ledd, paresar, paralyse, svimmelheit eller ustøheit. Røntgen eller annan biletdiagnostikk har liten plass i den initiale utgreiing (med unntak av mistanke om lungeskade), men kan utelukke annan patologi.

Det viktigaste er å få ein god anamnese med nøyaktig tidspunkt for teikn på symptomar knytta til dykket, og ein god nevrologisk vurdering med tanke på sensibilitet, kraft, hurtigheit, koordinasjon og balanse.

Om pasienten har dykka siste døgn, bør diagnosen trykkfallsjuke eller barotraume vurderast inntil dette er avkrefta i samråd med dykkekyndig lege. Tabellen under viser ei oversikt over ulike symptom på dykkerelaterte sjukdommar og mogelege andre årsakar:

Primærbehandling

Medvitslause pasientar skal ha vanleg førstehjelp med etablering av frie luftvegar og adekvat ventilasjon. Pustar pasienten sjølv, skal det giast 100 % oksygen på tettsittande maske med reservoar så raskt som mogeleg. Gasstraum bør vere minst 10 liter per minutt. Ved redusert bevisstheit leggast pasienten i stabilt sideleie.

Vidare behandling

  • Veneflon i stor vene
  • Infusjon med Ringer acetat eller NaCl 0,9 % 1000 ml per time til pasienten er velhydrert / har god diurese
  • Rikeleg å drikke dersom pasienten er vaken, men ikkje vatndrivande væsker som kaffe, te eller alkohol
  • Ved kramper - gi diazepam 5-10 mg intravenøst eller 10-20 mg rektalt
  • Ved smertar - kan gi paracetamol 1000 mg
  • Nøye overvaking før og under transport
 

Spørsmål om ein er helsemessig skikka til å dykke, skal rettast til Undervannsbåt/Dykkerlegens avdeling på Haakonsvern på telefon 55502159/60. 


Symptom / funnDykkerelatert sjukdomAndre årsakar
ParenstesiarTFSStram drakt / hanskar / seler
Smerte i store leddTFSBelastingsskadar
Smerter i øyreBarotraume Infeksjon
Smerter i biholerBarotraume Infeksjon
HovudpineTFSCO2-retensjon, tensjonshovudpine
Kraftsvekking TFS
Uttalt trøyttleik TFSFysisk slit
SvimmelheitTFSBarotraume med trommehinne perforering
Alternobar vertigo, Otolittstein
Hudkløe, marmorering TFSHudliding
Tung pust TFSNærdrukning, barotraume
HosteTFSNærdrukning, barotraume
KvalmeTFSSjøgang, forureina gass

Før

Melding om og vurdering av behov for trykkammerbehandling

Ring 113 og be om å få kontakt med nærmaste dykkarlege.

Sørg for å ha gjort ein klinisk undersøking av pasienten, inklusiv ein orienterande nevrologisk undersøking, samt innhenta relevante anamnestiske opplysningar.

Transport

Transportmåte og prioritet avgjerast i samråd med dykkarlege. Dersom det ligg føre sentralnervøse symptom er det viktig med rask transport til næraste trykkammer med kvalifisert følgje. Pasienten skal heile tida puste 100 % oksygen. Ved bruk av helikoptar / luftambulanse bør ein ikkje overstige maksimal kabinhøgde 300 m.o.h.

Pasientar med mindre alvorlege symptom skal òg til trykkammer, men då er ikkje tidsfaktoren like avgjerande.

Kva for opplysningar bør innhentast?

Den viktigaste opplysninga er om pasienten har dykka dei siste 24 timane. Vidare bør ein spørre om:

  • pasienten var i god form før dykket?
  • dato og klokkeslett for når dykket starta?
  • kor djupt og kor lenge dykket varte?
  • korleis var dykket? Kaldt? Strevsamt?
  • var det trykkutlikningsproblem?
  • blei det dykka etter norske dykke- og behandlingstabellar eller etter computer? Varsling frå computer?
  • når oppsto dei fyrste symptoma - under nedstiging, på botn, under oppstiging eller etter dykket?
  • korleis utvikla symptoma seg seinare?

Dykkelogg, djupnmålar og eventuelt dykkecomputer bør følgje med pasienten til trykkammer om mogeleg.

NB! Undersøk alltid meddykkar, som også skal følgje med til trykkammer dersom vedkommande har symptom eller ved overskriden tabell.

Ved alvorlege ulukker er det viktig at utstyret blir tatt vare på og sendast til Høgskolen i Bergen, Dykkarutdanninga, for undersøking.

Norsk dykkeforbund har ein ulukkeskommisjon som går gjennom sportsdykkarulukker, mens yrkesdykkarulukker skal meldast til Arbeidstilsynet.


Under

Generelt om akuttbehandling i trykkammer / andre dykkeskader

Dykking kan medføre akutte tilstandar som kan krevje korrekt behandling for å redusere risikoen for livstruande eller varige skadar. Dette kan eksempelvis vere:

  • Akutt svimmelheit, hovudverk 
  • Tungpust
    • Nærdrukning, immersjonslungeødem
  • Forgifting eller biverknader av pustegassen, 
  • Nedkjøling
  • Fysiske skader
    • muskel-skjelettskadar, belastningsskader,
  • Trykkskader, 
    • Øyre-nase-hals sjukdomar, skader og problem
  • Hudutslett og anna
  • Mentale endringar 
    • Psykiske skader og traumer etter næruhell, osv.
    • Trøyttleik,
    • Mentale endringar sekundært til andre tilstandar


Trykkammer. Foto.
 

Ved spørsmål eller ein kvar tvil om akutte tilstander:

  • Kontakt dykkarlege. Vi har dykkemedisinsk vaktberedskap heile døgeret. Kontakt oss via AMK-sentralen - Telefon 113

Behandling av dykkarar 

Dykkarar behandlast i det store fleirmannstrykkammeret. Fyrste behandling av dykkarsjuke varer i fem timar, fyrst tre oksygenperiodar på 20 min på eit trykk som svarar til 18 meter sjøvatn (msw). Deretter langsam dekompresjon med oksygenpusting i ein halvtime til 9 msw. Her er det seks oksygenperioder på 20 min før dekompresjon til overflatetrykk under oksygenpusting. Denne dekompresjonen tar og 30 min. mellom kvar oksygenperiode er det 5 min luftpusting for å redusere oksygenbiverknader. Dykkaren får premedikasjon med 5mg Valium for å førebyggje oksygenutløyste kramper. Dykkaren kan sjå film i trykkammeret for at det skal verte mindre kjedelig. 

Når behandlinga er ferdig, blir dykkaren innlagd i Nevrologisk avdeling. Dei følgjande dagane vert det vurdert om hen har restsymptom som krev fleire behandlinger i trykkammer. Desse behandlingene går føre seg anten i einmanns- eller fleirmannstrykkammer og varer kun to timar. Dykkaren puster då oksygen i tre halvtimar på 14 msw med fem min luftpusting mellom oksygenperiodane. 

Når symptoma har gått attende, eller behandlinga ikkje lengre gjev betring av symptoma, stoggar trykkammerbehandlinga og dykkaren kan verte skriven ut frå sjukehuset. Dykkaren ilegges forbod mot å dykke i ei veke til tre månader avhengig av kva for organ i kroppen som er ramma. 

Yrkesdykkarar vert innkalla til etterundersøking ved Nasjonal behandlingsteneste for utgreiing av skadde yrkesdykkarar. Fritidsdykkarar med alvorlege symptom vert innkalla til etterundersøking ved Seksjon for hyperbarmedisin. 

Etter

Yrkesdykkere og pasienter med følgetilstander etter dykkersyke vil bli etterundersøkt ved seksjon for hyperbarmedisin eller nasjonal behandlingstjeneste for utredning av skadede yrkesdykkere (lenke).


Kontakt

Konrad Birkhaugs hus Hyperbarmedisin, seksjon for

Kontakt Hyperbarmedisin, seksjon for

Oppmøtestad

Vi held til i Konrad Birkhaugs hus, sør for Sentralblokka på haukelandsområdet. Trykkammeranlegget ligg i sørenda av bygget, og det står «Trykkammer» på skiltet over inngangsdøra. Det er også mogleg å gå via undergongar frå pasienthotellet til trykkammeret.

Konrad Birkhaugs hus

Jonas Lies vei 79

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Pasient må unngå bilkøyring 

Om du bur utanfor Bergen og vurderer å nytte eigen bil som transportmiddel, vil vi få åtvare deg om at du kan få synsendringer av behandlinga som kan gjere at du ikkje har godt nok syn til å kunne køyre bilen heim att. Andre treng roande medisin før behandling, og kan av den grunn ikkje køyre bil like etterpå.

Dersom du likevel vil nytte eigen bil, tilrår vi at du høyrer med Pasientreiser på førehand, om dei vil dekke utgiftene til dette.

Parkering

Det er få parkeringsplassar på Haukeland hotell, og du må sjølv tinge og betale for parkeringsplass på hotellet. Det er og dyrt å parkere på sjukehusområdet, og man må sjølv betale parkeringskostnadane som påløper. 

Parkeringskort til sjukehusområdet til redusert pris tildeles pasientar som er inneliggande eller køyrer til og fra behandling kvar dag, men ikkje til pasientar som bur på Haukeland hotell. I området kring Haukeland hotell er det soneparkering, og av den grunn vanskeleg å finne parkering.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

 

Spisestader i nærområdet

Møllendal Fetevare: Fetevarer og kafé

Møllendalsveien 68D  Telefon 94085075

Man 11-17
Tir- fre 11-23
Lør – søn 12-18

Hyssingen kafé og bakeri

Møllendalsveien 65B

Tir-tor 10 – 15:30

 

Kafé Munck i Fakultet for kunst og design

Møllendalsveien 61

Man-fre 10:30-15:30

Bien snackbar Danmarksplass

Kafé Kranen Solheimsviken


​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Snakk med legen din på Seksjon for hyperbarmedisin om du ønskjer tilvising for å delta i tilrettelagd trening. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: