Grøn stær (glaukom)
Grøn stær (glaukom) er ein kronisk, livslang augesjukdom som er mest vanleg hos vaksne over 60 år, men den kan opptre i alle aldre. Ein sjeldan gong kan sjukdommen også vere medfødd. Glaukom fører til at synsnerven fra auget til hjernen blir skada og dette gir utfall i synsfeltet.
Årsakar
Høgt augetrykk er ein vesentleg risikofaktor for utvikling av glaukom. Reduksjon av augetrykket er derfor den vanlegaste behandlingsmetoden. Det er individuelt kor høgt augetrykk synsnerven toler før han tar skade. I nokre tilfelle kan glaukom utviklast sjølv om augetrykket er innanfor normalområdet, såkalla normaltrykksglaukom. Viktigaste risikofaktorar for denne tilstanden, er høgt augetrykk og sviktande blodtilførsel til synsnerven.
Tilvising og vurdering
Fastlegane kan ikkje tilvise direkte til operasjon for glaukom. Fastlegane kan tilvise pasientar med mistanke om grøn stær til vidare utgreiing i spesialisthelsetenesta. Dei skal då primært tilvise til avtalespesialistane (som har avtale med helseføretaka) eller til private augelegar om dette er ønskelig.
Utredning
Dersom den grøne stæren ikkje lenger lar seg regulere tilfredsstillande, vil augelegen tilvise til sjukehusavdeling for utgreiing med tanke på operasjon.
Behandling
Øyendråper
Glaukom blir vanligvis behandlet med øyendråper, enten en eller flere dråper som må dryppes regelmessig hver dag.
Laserbehandling
Noen typer grønn stær kan behandles med laser, men dette gjelder ikke alle. Laserbehandlingen kan være i stedet for eller som supplement til dråpebehandling.
Operasjon
Dersom sykdommen blir forverret på tross av øyendråper og eventuell gjennomført laserbehandling, vil det kunne være aktuelt med operasjon.
Glaukom er en kompleks sykdom og det finnes mange ulike typer operasjoner. Alle har som mål å senke øyetrykket. Behandlingsinstitusjonen vil konkret anbefale hvilken type operasjon som er mest relevant i hvert enkelt tilfelle. I etterkant av en operasjon følger et intensivt kontrollopplegg som er viktig for å sikre et godt resultat. Her kan det være snakk om ukentlige kontroller i opptil en måned eller mer.
Trabekulektomi er den vanligste typen operasjon.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Det er nødvendig med hyppige kontrollar etter operasjonen, kor du kan rekne med kontroll kvar veke dei første fire veker etter operasjonen, deretter med økande intervallar.
Endeleg sluttresultat vil vere etter cirka to til tre månader, kor augetrykket avgjer korleis tilstanden er regulert. Nokon treng dråper i tillegg til operasjon. Synet blir ikkje betre av denne operasjonen.
Etter utskrivinga frå Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, blir du følgt opp med kontrollar kvar veke dei første 2-3 vekene etter operasjonen. Deretter kontroll kvar andre til tredje veke inntil det har gått 2-3 månadar. Etter den tid skal du som regel gå til kontroll hos tilvisande augelege.
Dersom du i dagane etter operasjonen / utskriving frå sjukehuset merkar raskt redusert syn, aukande smerter, raudt auge eller varsemd for lys i det nyopererte auget, skal du ta kontakt med Augeavdelinga:
Telefon dagtid - 55 97 41 00
Telefon etter kl. 15.30 og i helgane - 55 97 41 01
Ver merksam
Alle kirurgiske inngrep er forbundet med risiko, dette gjeld også operasjon for grøn stær. Alvorlege komplikasjonar er heldigvis sjeldne. Dei vanlegaste komplikasjonane er:
- Utvikling av grå stær (katarakt). Det er kjent at operasjon for grøn stær kan framskynde utviklinga av grå stær. Dersom det blir utvikla grå stær med innverknad på synet, får du effektiv behandling i form av grå stær-operasjon.
- Bløding. Mindre blødingar i framre del av auget er ikkje uvanleg. Bløding vil ha forbigåande innverknad på synet, men er elles stort sett utan betyding for det endelege resultatet.
- Betennelse. Det vil alltid vere lett grad av betennelse (inflammasjon) i eit nyoperert auge. Auget kan derfor vere litt ømt dei første dagane. Alvorleg bakterieinfeksjon er svært sjeldan, men kan vere trugande for synet.
- Svekking av sentralsynet som komplikasjon til operasjonen er sjeldan, men kan skje ved langtkommen grøn stær eller ved uønska langvarig lågt trykk. Om svekka syn skuldast svært lågt trykk, vil vi kunne gjennomføre alternative behandlingsmetodar for dette.
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje måndag - fredag kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00: Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.
Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- Mestring av synstapKunnskap gir auka tryggleik og meistring i kvardagen. På kurset får du moglegheiter for dialog med fagpersoner, og treffe andre som er i same situasjon som deg sjølv. Du kan også slå av ein prat med likeperson frå Norges Blindeforbund og Glaukomforeninga som er tilstades på kursdagen. Du kan gjerne ta med deg følge på kurset, skriv det i påmeldinga om det er aktuelt.Mestring av synstap14.oktober2025