Gastroskopi
Gastroskopi er ei undersøking av spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Eit gastroskop er ein bøyeleg slange som kan overføre fargebilde frå kroppens indre til ein skjerm. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar som betennelse, sår eller godarta/ondarta svulstar. Ein kan ta vevsprøver frå slimhinna, og einskilde tilstandar kan behandlast.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som tilviser til undersøkinga.
Før
Prosedyrar kan variere noko frå stad til stad, men vanlegvis gjeld følgande:
Du må møte fastande til undersøkinga. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke eller røyke etter kl. 24:00 kvelden før undersøkinga - eller seinast 6 timar før undersøkinga.
Dersom du brukar Marevan eller andre blodfortynnande medisinar, følg anførte råd i innkallingsbrevet eller ta kontakt med fastlege. Hensikta er å unngå alvorleg blødning i forbindelse med undersøkinga. Brukar du insulin må du kontakte fastlegen din slik at medisinen kan justerast.
Det kan vere at du blir gitt ein beroligande medisin i forbindelse med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar. Før undersøkinga kan du få spraya lokalbedøving i svelget. Denne verkar i omtrent ein halvtime.
Om du brukar Albyl-E, som einaste blodfortynnade medisin, treng du ikkje stoppe med denne.
Du vil få plassert ein plastring mellom tennene for å hindre at du biter i skopet. Eventuelle lause tenner må tas ut før undersøkinga tek til.
Under
Gastroskopet er en fingertykk bøyelig slange som er tynnere enn mye av den maten du svelger ned.
Vi fører gastroskopet inn gjennom munnen, nedover spiserøret og videre ned i magesekken og tolvfingertarmen. Luft blåses inn for å utvide området slik at legen får best mulig oversikt. Mens undersøkelsen pågår, ligger du på venstre side på en benk. Brekningstendens, trykkfornemmelse og oppblåsthet er vanlige ubehag. Undersøkelsen varer vanligvis mellom 5 og 10 minutter.
Etter
Det forekjem nesten aldri skadar av sjølve skopet. Hvis det blir fjerna polyppar, kan det imidlertid ein sjeldan gong oppstå blødningar og det kan då bli nødvendig at du blir på sjukehuset til observasjon.
Vidare oppfølging
Legen fortel deg om resultatet av undersøkinga. Fastlegen din får ein rapport om undersøkinga, og resultat av eventuelle vevsprøver i løpet av 1-4 veker. Dersom prøvene viser forandringar som krev spesiell kontroll, eller anna oppfølging, som for eksempel tilvising til operasjon, blir dette ordna av legen som undersøkte deg eller fastlegen din.