Diagnose
Brannskade - skåldingsskade
Hos barn er skåldingskadar den vanlegaste forma for brannskade. Skadane skuldast som oftast at ein får over seg varm væske i form av kaffi, tevatn eller liknande. I nokre tilfeller skuldast det også for høg temperatur på springvatn, badevatn og liknande.
Skåldingskadar utgjer ein stor del av brannskadane som treng sjukehusbehandling. Mange av desse skadane kan heldigvis gro konservativt, det vil seie utan behov for operasjon. Men det er då svært viktig å kunne gjennomføre god sårbehandling og unngå sårinfeksjonar.
Alle større skåldingskadar (meir enn ei handflate) bør tilsjåast av lege og som oftast leggast inn i sjukehus. Spesielt gjeld dette hos små barn. Skadar som overstig 5 prosent av kroppsarealet hos barn og 10 prosent av kroppsarealet hos vaksne bør vurderast for behandling ved Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Store skåldingsskadar som omfattar meir enn 15-20 prosent av kroppsoverflata er potensielt livstrugande og må straks takast hand om av kvalifisert helsepersonell.
Tilvising og vurdering
Alvorlege brannskadar vert lagt direkte inn på sjukehus og treng ingen henvisning. Ring 113 og du vil få hjelp vidare derifrå.
For mindre skadar vert ein ofte verte henvist vidare frå fastlege eller legevakt om dei finn det mest tenleg at skaden vert behandla på sjukehus.
Det vil ikkje vere snakk om ventetid før ein slepp til for behandling av akutte brannskadar, men ved mindre problemstillingar lyt ein gjerne vente til dagtid eller neste kvardag før vidare oppfølging ved sjukehus.
Utgreiing
Når ein kjem på sjukehuset med ein skåldingskade eller annan brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standarisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv.. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er skada. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt.
Behandling
Behandlinga av skåldingskadar består hovudsakleg av konservativ behandling, det vil seie gjentatte sårstell eller operativ behandling, det vil seie operasjon med fjerning av forbrent vev og dekking av sår med delhudstransplantat. I tillegg vil ein ha behov for fysioterapi under heile behandlingsforløpet.
Ofte vil ein ved skåldingskadane starte med konservativ behandling og eventuelt operere gjenståande sår som ikkje gror. Ein ventar gjerne 2-3 veker før ein opererer desse skadane.
Oppfølging
Dersom ein har attverande sår eller har behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, vil ein verte følgt opp ved sjukehuset sin poliklinikk. Tida for oppfølging varierer mykje ut frå kva skade pasienten har hatt.
Kontakt
Sentralblokka
Brannskadeavdelinga
Oppmøtestad
5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen