Kjemisk brannskade / etseskade
Etseskadar er ei form for brannskadar som skuldast eit kjemisk agens. Dei fleste slike skadar skuldast kontakt med kraftige syrer eller basar.
Kjemiske agens
Kjemiske agens som gjev opphav til hud og vevskadar er som oftast former for syrer (lav pH) eller basar (høg pH). I tillegg finnes det enkelte andre stoff som til dømes oksidasjonsmiddel eller alkaliske metaller (litium, natrium, kalium) som og kan gje vevsskade.
Fyrstehjelp
Fyrstehjelp ved kjemiske skadar består i å fjerne gjenverande kjemikalierestar (fjerne tilsølte klede, børste vekk eventuelle tørre restar) og deretter skylle skaden med store mengder lunka vatn i lang tid, gjerne opp til ein time.
Kontakt samstundes Giftinformasjonssentralen (Tlf: 22 59 13 00) for å få detaljert oppskrift på korleis ein handterer det bestemte kjemiske agenset.
Alle større kjemiske brannskadar bør tilsjåast av lege. Nokre kjemikalier kan og gje andre effektar enn den direkte vevsskaden og kan i sjeldne tilfelle vere livstrugande sjølv ved mindre eksponering. Det er difor særs viktig å avklare dette i ein tidleg fase.
Tilvising og vurdering
Alvorlege etseskadar vert lagt direkte inn på sjukehus og treng ingen henvisning. Ring 113 og du vil få hjelp vidare derifrå.
For mindre skadar vert ein ofte tilvist vidare frå fastlege eller legevakt om dei finn det mest tenleg at skaden vert behandla på sjukehus.
Det vil ikkje vere snakk om ventetid før ein slepp til for behandling av akutte etseskadar, men ved mindre problemstillingar lyt ein gjerne vente til dagtid eller neste kvardag før vidare oppfølging ved sjukehus.
Ved skadar på arbeidsplassen har arbeidsgjevar oftast oversikt over kva kjemikalier som er i bruk. Det er til stor hjelp om ein kan bringe med seg databladet for det aktuelle produktet, dersom det er tilgjengelig.
Utredning
Når ein kjem på sjukehuset med ein etseskade eller kjemisk brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.
Når det gjeld sjølve etseskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv. Dei fleste etseeskadar er så djupe at det vert behov for operasjon med hudtransplantasjon. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er skada. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt
Spesielt for etseskadar er det at skylling av skaden med store mengder vatn vil fortsette i lang tid. Dette vert gjort for å nøytralisere stoffet pasienten har fått på seg. For enkelte stoff finnes det og spesielle antidot (motgifter) som ein kan nytte for å nøytralisere effekten av det skadelege stoffet.
Utredning og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjort i løpet av eit par timar. Men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døger etter fyrste undersøking.
Behandling
Behandlingen av etseskader består hovedsakelig enten av konservativ behandling, det vil si gjentatte sårstell, eller operativ behandling, som vil si operasjon med fjerning av ødelagt vev og dekning av sår med delhudstransplantat. I tillegg vil man ha behov for fysioterapi under hele behandlingsforløpet.
Tiden behandlingen vil ta, varierer veldig. Etseskader er ofte svært krevende å behandle og behøver ofte lenger tid på sykehus enn tilsvarende brannskader av andre årsaker.
Mindre skader behøver gjerne ikke være inneliggende i det hele tatt, og gror av seg selv i løpet av et par uker, mens større skader ofte behøver flere uker på sykehus med gjentatte operasjoner.
Oppfølging
Dersom ein har gjenverande sår eller har behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, vil ein verte følgt opp ved sjukehuset sin poliklinikk. Tida for oppfølging varierer mykje ut frå kva skade pasienten har hatt.
Kontakt
Sentralblokka
Brannskadeavdelinga
Oppmøtestad
5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen