Flammebrannskade
Flammeskadar er den vanlegaste forma for brannskadar og utgjer om lag halvparten av alle brannskadar. Typiske årsaker er skadar ved husbrann eller ved eksplosjonsarta brannar som følge av bruk av brennbare væsker til dømes bensin, tennvæske, propan og liknande.
Behandling på sjukehus
Flammeskadar utgjer ein stor del av brannskadane som treng sjukehusbehandling. Då flammar oftast har svært høg temperatur og inneheld mykje energi, vert det ofte djupe og operasjonskrevande skadar hjå dei som vert utsett for desse skadane.
Alle større flammeskadar (meir enn ei handflate) bør tilsjåast av lege og som oftast leggast inn i sjukehus. Store flammeskadar som omfattar meir enn 15-20 prosent av kroppsoverflata er potensielt livstrugande og må straks takast hand om av kvalifisert helsepersonell.
Store skadar er ei enorm påkjenning for kroppen og ein vil vere avhengig av moderne brannskadebehandling for å kunne overleve. I tillegg vil dei som er utsette for større flammeskadar gjerne også ha pusta inn røyk og giftige gassar og på den måten ha pådrege seg inhalasjonsskadar som og kan vere svært alvorlege.
Tilvising og vurdering
Alvorlege brannskadar vert lagt direkte inn på sjukehus og treng ingen henvisning. Ring 113 og du vil få hjelp vidare derifrå.
Ved større akutte skadar vil ein gjerne verte lagt direkte inn på sjukehus. For mindre skadar vert ein ofte tilvist vidare frå fastlege eller legevakt om dei finn det mest tenleg at skaden vert behandla på sjukehus.
Det vil ikkje vere snakk om ventetid før ein slepp til for behandling av akutte brannskadar, men ved mindre problemstillingar lyt ein gjerne vente til dagtid eller neste kvardag før vidare oppfølging ved sjukehus.
Utredning
Når ein kjem på sjukehuset med ein flammeskade eller annan brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv. Dei fleste flammeskadar er så djupe at det vert behov for operasjon med hudtransplantasjon. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er forbrent. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt.
Utredning og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjort i løpet av eit par timar. Men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døger etter fyrste undersøking.
Behandling
Behandlingen av flammeskader består hovedsakelig av enten konservativ behandling, det vil si gjentatte sårstell, eller operativ behandling, altså operasjon med fjerning av forbrent vev og dekning av sår med delhudstransplantat. I tillegg vil man ha behov for fysioterapi under hele behandlingsforløpet.
Tiden behandlingen tar, varierer veldig.
Ved store brannskader er tommelfingerregelen at man trenger behandling ved en brannskadeavdeling i 1til 1,5 døgn per prosent av hudarealet som er brannskadet. Det vil si at dersom man har forbrenninger på 30 prosent av kroppsoverflaten, må man regne med minimum 30-45 dagers innleggelse ved en brannskadeavdeling. Videre vil man gjerne trenge oppfølging ved sitt lokale sykehus og ved rehabiliteringsavdelinger etter det.
For mindre skader varierer lengden på sykehusoppholdet veldig. De minste skadene behøver ofte ikke legges inn, og vil gro av seg selv i løpet av et par uker, mens andre skader trenger flere uker på sykehus med gjentatte operasjoner.
Oppfølging
Dersom ein har gjenverande sår eller har behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, vil ein verte følgt opp ved sjukehuset sin poliklinikk. Tida for oppfølging varierer mykje ut frå kva skade pasienten har hatt.
Kontakt
Sentralblokka
Brannskadeavdelinga
Oppmøtestad
5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen