Blodtapping, nynorsk
Blodtapping blir gjennomført når du har for mykje raude blodlekamar (for høg blodprosent) eller for mykje jern i blodet (hemokromatose, hemosiderose og porfyri).
Tilvising og vurdering
Fastlege eller spesialist kan tilvise til behandling.
Før
Råd til deg før du tappar blod
- Et og drikk rikeleg før og etter blodtappinga.
- Hugs å ete under dei siste tre timane før du tappar blod.
- Er du sliten, sjuk eller stressa, bør du ikkje tappe blod.
- Får du sterke eller uvanlege smerter ved innstikk eller under tappinga, sei frå til oss.
Under
Ved tappingen vil du ligge eller sitte komfortabelt. Vi vil legge inn en kanyle i albuen og vi tapper vanligvis mellom 100 – 450 milliliter blod. Blodet renner ut i en pose.
Drikk under tappingen, ved behov kan noen pasienter få intravenøs væske.
Etter
Etter blodtappinga er det viktig at du trykker på innstikkstaden i minst tre minutt – gjerne med armen heva. Du skal kvile i rundt 15 minutt etter tappinga, før du reiser frå sjukehuset.
Vi anbefaler at du unngår hard fysisk aktivitet dei første 24 timane etter tappinga. Har du arbeid eller hobby der du eller andre kan bli utsett for fare dersom du svimar av, anbefaler vi deg å ta det med ro dei første 12 timane etter tappinga. Det finst faste reglar ein må ta omsyn til for nokre yrke. Gjer deg kjend med reglane for ditt yrke.
Vi anbefaler også at du får i deg rikeleg med væske etter blodtappinga. Du kan for eksempel drikke mykje vatn.
Kor ofte skal ein tappe?
- Behandlingsfasen: ein gong kvar 1.–6. veke for å nå ønskt verdi.
- Vedlikehaldsfasen: ein gong kvar 1–12 månader avhengig av kor fort verdien stig.
Det blir gjort avtale med deg om du skal gå til kontroll på sjukehuset eller hos fastlegen din.