Bekhterevs sjukdom og andre spondyloartrittar
Spondyloartritt er ei gruppe kroniske leddsjukdommar kjenneteikna av betennelse i ledd i ryggsøyla eller bekkenet, ileosakralledd, og/eller betennelse i ledd i armar og bein. I tillegg til leddbetennelse kan det finnast betennelsar i senefeste og i regnbogehinna til auget.
Symptom
Ordet spondyloartritt er sett saman av spondylitt (betennelse i ryggsøyle) og artritt (leddbetennelse). Diagnosegruppa spondyloartritt består av sjukdommane aksial spondyloartritt, psoriasisartritt, reaktiv artritt og artritt ved tarmsjukdommane ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom. Symptoma og behandlingsprinsippa for dei ulike spondyloartrittane er i stor grad like, men kan arte seg ulikt frå person til person. Nokre opplever milde symptom, medan andre har meir alvorleg sjukdomsforløp der leddskade kan oppstå.
Ved aksial spondyloartritt har ein betennelse i rygg og/eller bekkenledd. Hovudsymptoma på det er smerter og stivleik, ofte nattlege smerter. Det vanlegaste er at rørsle gir lindring, medan kvile ikkje gjer det. Også ledd og senefeste utanfor ryggsøyla kan bli betente med hevelse, smerte og stivleik. Ved spondyloartritt har ein auka risiko for betennelse i regnbogehinna til auget. Då kan auget bli raudt og smertefullt, og ein bør då snarast bli undersøkt av augelege. Påverknad av indre organ er sjeldan, men sjukdommane kan gi auka risiko for å utvikle hjarte-karsjukdom, og hos nokre beinskjørheit, (osteoporose). Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøyttleik eller utmatting.
Aksial spondyloartritt oppstår nesten alltid før 40 års alder, oftast allereie i 20-åra.
Les om
Tilvising og vurdering
Dersom det er mistanke om at du har spondyloartritt vil du bli tilvist til revmatolog av fastlegen din. Opplysningane frå fastlegen gir grunnlag for om og kor raskt du vil bli innkalla til vurdering.
Utgreiing
Sjukdomsteikn
Revmatologen vil snakke med deg og undersøkje ryggen og ledda dine. Beskrivinga di av plagene gir viktig informasjon. Blodprøvar vil vise om betennelsesmarkørane senking og CRP er forhøgd. Dersom ein har vevstypen HLA-B27 aukar sjansane for diagnosen, men ein kan ha spondyloartritt utan å ha denne vevstypen. Vevstypen er vanleg i Noreg også hos personar utan spondyloartritt.
For å diagnostisere leddbetennelse i ryggen og bekkenet tek vi vanlegvisei MR-undersøking, medan ultralyd blir brukt for å vurdere ledd i armar og bein. Vanlege røntgenbilete kan også vere aktuelt. Biletundersøkingar bidreg til å kartleggje omfanget av artrittar og eventuelle leddskadar.
Omfanget og varigheita av leddbetennelse saman med opplysningane du gir og resultatet av andre undersøkingar avgjer om ein stiller ein spondyloartrittdiagnose. Somme gonger kan diagnosen stillast ved første time, medan det andre gonger kan vere nødvendig med fleire undersøkingar før det blir klart om du har tilstanden eller ikkje.
Behandling
For noen kan trening være tilstrekkelig behandling for sykdommen, mens de fleste vil også ha behov for medisiner, iallefall i perioder. Ved god effekt av medisinene kan man sammen med behandler vurdere å trappe ned eller slutte med medisiner.
Medikamentell behandling
Dersom du skal starte med medisiner vil du få informasjon om medisinen og om det er behov for blodprøvekontroller hos fastlege under behandlingen.
Behandlingen kan deles inn i symptomlindrende medikamentell behandling og sykdomsreduserende antirevmatiske legemidler (DMARD).
Symptomlindrende behandling kan være smertestillende (Paracet) og betennelsesdempende medisiner (NSAIDs som f.eks Naproxen og Ibux). NSAIDs har ofte god effekt på spondyloartritt.
De sykdomsreduserende medisinene demper overaktiviteten i immunsystemet og dermed betennelsesprosessen. Dersom det betennelsen hovedsakelig er i ledd utenfor ryggsøyla er de mest aktuelle sykdomsreduserende legemiddelet er methotrexate (Methotrexate tabletter eller Metex injeksjoner), eller sulfasalzin (Salazopyrin). Ved betennelse i ryggsøyla uten tilstrekkelig effekt av trening og NSAIDs vil man vanligvis starte med biologisk behandling.
Dette er medisiner som er laget for å virke på spesifikke deler av betennelsesprosessen. De biologiske legemidlene gis direkte i blodet (intravenøs infusjon) eller som sprøyte/penn som settes under huden. Det tar ofte 3-4 måneder før disse medikamentene har effekt. Kortison er viktig for å dempe betennelsen i leddene i denne tiden før DMARDs har effekt. Noen ganger vil kortisoninjeksjoner i leddene være nødvendig og effektivt.
Annen behandling
Trening og øvelser kan gjøre at du blir mindre stiv, får bedre funksjon og kan vedlikeholde bevegelighet, i tillegg til å gi allmenne helseeffekter. Mange med spondyloartritt får veiledning fra fysioterapeut om dette i starten av diagnosen, i perioder kan det også være nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gi råd og veiledning, særlig ved funksjonstap i hender.
Svangerskap
Man kan få barn selv om man har spondyloartritt, men det er ønskelig at svangerskapene planlegges til en periode der spondyloartritt er lite aktiv. Det er viktig at man tar opp ønske om barn på kontroller fordi det kan være behov for å endre behandling, eller ta røntgenbilder før svangerskap planlegges. Det er ikke økt forekomst av misdannelser hos barnet til kvinner med spondyloartritt.
Oppfølging
Oppfølginga vil vere eit samarbeid mellom deg, fastlegen din og revmatologisk avdeling.
Det vil vere tette kontrollar når du får diagnosen og ved periodar med aktivitet i sjukdommen. Mange sjukehus har laga pasientforløp der det inngår kontrollar hos sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut i tillegg til lege det første året. I periodar med låg sjukdomsaktivitet vil det vere sjeldnare kontrollar og i nokre tilfelle vil oppfølginga vere hos fastlegen, og berre kontakt med revmatolog dersom sjukdommen skulle blusse opp igjen.
Du må sjølv avtale kontrollar hos fastlegen:
- Du bør ha éin kontrolltime i året hos fastlege der blant anna risiko for hjarte- og karsjukdom og beinskjørheit blir vurdert.
- Dersom du bruker DMARDS må du avtale blodprøvetaking regelmessig, vanlegvis 4 gonger i året. Dette er for å sjekke at behandlinga ikkje har utilsikta biverknader.
- Dersom du bruker DMARDS og/eller er >65 år bør du vaksinere deg mot influensa- og koronavirus om hausten og pneumokokkvaksine kvart 6. år. Ved nokre DMARDS er det tilrådd vaksine om herpes zoster (Shingrix) i tillegg.
DMARDs dempar immunsystemet noko. Dersom du bruker biologisk DMARD og får infeksjon som gjer at du treng antibiotika eller må leggjast inn på sjukehus, bør du ta pause frå biologisk behandling til infeksjonen er under kontroll. Dersom du skal opererast er det viktig at du seier frå på førehand dersom du bruker biologisk behandling, det vil ofte bli tilrådd å ta pause frå biologisk behandling i forkant og dei første 2 vekene etter ein operasjon.
Å leve godt med spondyloartritt
Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda, og at ein skal kunne delta i arbeidslivet og i sosiale aktivitetar på linje med friske personar.
God kunnskap om sjukdommen er viktig. Det gir deg grunnlag for å meistre din situasjon, og å ta gode val for deg og helsa di. Mange erfarer at det er nyttig å møte andre som har liknande helseutfordringar. Mange sjukehus arrangerer lærings- og meistringskurs med tanke på dette.
Livsstilen ein har kan påverke sjukdomsforløpet ved spondyloartritt. Det blir tilrådd å ha eit sunt kosthald, unngå tobakk og å trene regelmessig, både styrke og kondisjonstrening. Tilrådingane for fysisk aktivitet og kosthald for menneske med spondyloartritt er i prinsippet lik tilrådingane for heile befolkninga.
Tilrådingar om fysisk aktivitet til vaksne og eldre (helsenoreg.no)
Dersom du har utfordringar med fysisk aktivitet eller utføring av aktivitetar i kvardagen kan vurdering hos fysioterapeut og ergoterapeut vere nyttig. Dette kan du snakke med behandlaren din om.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- Bekhterev (Spondyloartritt)Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.Bekhterev (Spondyloartritt)13.mars2025Fleire datoar