Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
medisinsk ekspedisjon smilende dame i luken

Medisinsk avdeling - Voss

Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 26 senger med derav 2 isolatrom.

Avdelinga er ei generell indremedisinsk avdeling der omlag 95 prosent av innleggingane er øyeblikkeleg hjelp (ØH). 

Avdelinga har eiga slageining og tilsette med spesialkompetanse. 

Avdelinga disponerer lokale i poliklinikken i 1. etasje der det blir gjeve medisinske kurar til pasientar. 

Som pasient vil du møta sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, legar og fagpersonar under utdanning. Avdelinga har spesialkompetanse innan kreftomsorg, smertelindring, hjerneslag, mage-/tarm-, lunge- og hjartesjukdomar.

Samarbeid

Me har nært samarbeid med andre postar og spesialavdelingar ved sjukehuset som rehabiliteringsteamet, sosionomtenesta, laboratoriet, poliklinikkane, røntgenavdelinga og fysikalsk avdeling. Me samarbeider også med heimkommunane til inneliggjande pasientar ved behov.

Open retur

Open retur er for å skapa tryggleik både for deg som pasient og dei kring deg. Har du fått tilbod om denne ordninga vil det seie at du er velkommen til å ringje oss direkte på avdelinga ved spørsmål / behov for innlegging.

Kontakt

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Voss sjukehus i 2. etasje

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte. 

  • Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
  • Ta også med ei liste over all medisinen du brukar, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
  • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast. 
  • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
  • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
  • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
  • Ikkje ta med pengar og verdisaker. Kort kan nyttast i kantina og i automat for litt snacks, småmat og toalettartiklar.
  • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Du kan ringe avdelinga om du vil snakke medpasienten. Om du har mobiltelefon, kan du bruke denne. Vis omsyn til medpasientar ved all telefonbruk.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Vår visittid er kl. 1​5.00 – 16.00 og kl. 18.00 - 19.30