Barn som pårørande

Barn i alderen 0-18 år som har foreldre eller søsken med alvorleg somatisk sjukdom, skade, psykisk sjukdom eller rusavhengigheit opplever store belastningar.

 

Helsepersonell har plikt til å ivareta barn frå 0-18 år med informasjon og eventuell oppfølging ved alvorlig sjukdom eller som etterlatt etter foreldre/søsken.

Spesialisthelsetenesta er pålagt å oppnevne eige barneansvarleg personell for å forebygge helseskade og unødig bekymring hjå desse borna. Det er viktig å kome tidleg inn med informasjon og eventuelle tiltak.


Helse Bergen og Voss sjukehus har eigen prosedyre i høve arbeidet med barn som pårørende. Voss sjukehus har ein koordinator for dette arbeidet, i tillegg har kvar sengepost ein barneansvarleg.


Nyttige lenker

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.