Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Vaksne og pårørande

Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Da bør du oppsøke lege eller psykolog for å få barnet ditt undersøkt. Begge kan tilvise til psykisk helsevern for barn og unge.

Silhuetter mor, far og barn. Foto

​​​​​​​​​​​​Klinikk PBU har sju allmennpoliklinikkar (BUP) med ulikt geografisk ansvar. Til saman betener desse Askøy, Austevoll, Alver, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Gulen, Kvam, Masfjorden,  Modalen, Osterøy,  Samnange​​r, Ulvik, Vaksdal, Voss, Øygarden.

Poliklinikkar

På poliklinikkane vert ingen lagt inn. Pasientar får tilbod om ulike formar for behandling, og vi vil sjå på behovet til ditt barn når vi lagar ein behandlingsplan.

BUP jobbar også saman med andre offentlege instansar, som for eksempel skule / barnehage, fastlege, helsesyster og i nokon tilfelle barnevern, for å finne fram til det beste behandlingstilbodet for barnet ditt.

Spesialteam og sjukehustenester

Dersom det viser seg at eit poliklinisk tilbod ikkje er tilstrekkeleg, kan barnet ditt bli tilvist til spesialteam med kompetanse på tildømes alvorleg sjølvskading, psykose, autisme. Det er og mogeleg å bli lagt inn ved ein av klinikken sine sengepostar for meir intensiv utgreiing og / eller behandling.

Gode råd til pårørande

Det er naturleg å vere usikker på om barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp eller ikkje. Her er nokon tips om kva du kan gjere for barnet ditt.

Informasjon om psykiske vanskar

 

Snakk med barnet ditt
Når du blir bekymra for barnet ditt, er det som regel en grunn til det. Du har dei beste føresetnader for å registrere endringar i barnet si åtferd og stemningsleie. Ofte vert bekymringane til føresette bekrefta av skulen.

Det er vanskeleg for barn og unge å uttrykke seg når det gjeld psykiske vanskar. Difor er det særs viktig at du som føresett tek initiativ og hjelper barnet ditt med å fortelle kva som er vanskeleg.

Snakk med skulen / barnehagen
Barn som slit psykisk, har det som regel tøft på skulen. Det handlar ikkje per definisjon om at vanskane er skulerelatert, men vanskane går lett utover trivsel, meistring og læring. Det kan igjen føre til at skulen blir ein stad barnet ikkje har lyst til å vere.

Ta gjerne kontakt med skulen og klasseforstandaren, og drøft bekymringane dine. Da får du vite om skulen har registrert ei endring hos barnet ditt, og kva tankar dei har gjort seg. Det kjem barnet til gode når skulen og føresette samarbeider for å ta tak i vanskane.

​Ta kontakt med fastlegen
Det er mykje hjelp i å drøfte bekymringane dine med fastlegen. Vedkomande kan gi gode råd og rettleiing. Barnet ditt vil verte undersøkt fysisk før ei eventuell tilvising til BUP.

Det er fastlegen som sender tilvisinga, og han / hun vil i dei fleste tilfelle også innhente informasjon frå skulen / barnehagen og eventuelt frå Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT). BUP samarbeider tett med fastlegen, skulen og PPT når barnet ditt er under utgreiing / behandling.

 

Fastlege, psykolog, leiar for barneverntenesta og leiar for sosialtenesta (NAV) kan tilvise til BUP.

Når du ser at barnet ditt treng hjelp, kan du gjere følgande:

  • Ta direkte kontakt med fastlegen. Fastlegen vil undersøke barnet ditt før det vert sendt tilvising.
  • Ta kontakt med skulen for å undersøke om det er aktuelt å koble på pedagogisk psykologisk teneste (PPT). Uansett årsak til vanskane vil dei fleste barn vere hjelpt med tilrettelegging på skulen. Psykolog ved PPT kan og tilvise.

​BUP vurderer tilvisinga innan ti verkedagar. Dersom barnet er under 16 år vil føresette få eit svarbrev frå BUP, der det vert opplyst om barnet har rett til naudsynt helsehjelp eller ikkje.

Er ungdommen over 16 år, vil brevet gå direkte til ham / henne. Avhengig av tilvisingsgrunn vert barnet tildelt ei ventetid. Den er aldri lengre enn tre månader ved rett til naudsynt helsehjelp.

Les meir om pasientrettar på helsenorge.no
 

Sjølv om dei fleste barn og unge vert tilvist på ordinær måte, treng nokon barn akutt hjelp. Desse instansane kan du ta kontakt med.

​Fastlegen
Fastlegar har som regel hastetimar kvar dag, som er til pasientar med akutt behov for legehjelp. Du kan ta kontakt med din fastlege på dagtid.

Legevakt
Dersom fastlegen ikkje har ledig kapasitet same dagen, er alternativet å oppsøke legevakt.

Av erfaring veit vi at det kan vere vanskeleg både for føresette og barn / ungdom å måtte tilbringe tid på venterommet.

Vi anbefalar at du ringer legevakta og melder frå om at du kjem med eit barn / ungdom som treng psykiatrisk hjelp. Dei kan forklare deg korleis du skal gå fram.​​

Kontaktinformasjon lokale legevakter

  • Bergen legevakt - telefon 116 117 / 55 56 87 60
  • Askøy legevakt - telefon 116 117
  • Nordhordland legevakt - telefon 116 117
  • Kvam legevakt - telefon 116 117 
  • Austevoll legevakt - telefon 116 117
  • Vaksdal legevakt - telefon 116 117
  • Voss legevakt - telefon - 116 117 
  • Bjørnafjorden og Samnanger legevakt - telefon 116 117
  • Øygarden legevakt - 116 117

Noreg er delt inn i regionale helseforetak:

  • Helse Sør-Øst
  • Helse Vest
  • Helse Midt-Noreg
  • Helse Nord

Kvart helseforetak har eit fastsatt, geografisk opptaksområde. Alle pasientar i Noreg har likevel rett til å velge kor dei vil gå for å få helsehjelp.

Som regel er det fastlege som sender tilvising til BUP. Du må som føresett seie i frå, dersom du ønsker at barnet ditt skal bli tilvist til ein annan poliklinikk enn den som har regionansvar for kommunen eller bydelen din.

Du kan orientere deg ved å gå inn på nettsidene til helsenorge.no og finne meir informasjon og oversikt over behandlingsstader i heile helse-Noreg.

Fritt behandlingsvalg

Velg behandlingsstad

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge ønsker at pasientar og pårørande får ei oppleving av å bli høyrte i løpet av den tida dei er i BUP.
I praksis betyr dette at behandlar involverer føresette og pasient i planlegginga av utgreiing og behandling.

Prinsippet om at pasient og føresette er ekspertar på eiget liv står sterkt i vår klinikk. For å oppnå best mogleg resultat tek vi høgde for at ingen pasientar er like. Det er viktig for oss å bruke ekspertisen vår rett. Det betyr at behandlinga vert forsøkt tilpassa den einskilde pasient og familien deira.

Dette krev eit godt samarbeid frå første stund. Det er viktig og heilt naudsynt at pasient og pårørande stiller spørsmål kring behandling og konklusjonar. Det vert laga behandlingplan for alle pasientane våre, og den vert drøfta med pasient og / eller føresette. På den måten sikrar vi oss at vi jobbar mest mogleg målretta.

Les meir om brukarmedverknad på helsenorge.no​



Maŋemus ođastuvvon 2024-08-08