Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Øyane allmennpsykiatriske poliklinikk

Vi tilbyr poliklinisk behandling for vaksne over 18 år i kommunane Øygarden og Askøy etter tilvising frå lege. Vi tilbyr ei rekkje gruppetilbod og individuelle konsultasjonar hos psykologspesialist /psykolog, psykiater eller psykiatrisk sjukepleiar for pasientar med allmennpsykiatriske problem som for eksempel angst, depresjon og kriser.

 Vi samarbeider med fastleger, psykisk helse tenester i kommunane og pårørende.  

Nye tilvisingar blir vurdert kvar veke og pasientar som får innvilga rett til prioritert helsehjelp får ein tidsfrist for dette. Pasientane blir orientert i eige brev om behandlingsstart, klagemoglegheiter og retten til fritt sjukehusval.
 
 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn poliklinikken i 1. og 2. etasje. Meld deg i ekspedisjonen når du kjem til time

Logg inn for å endre time

Inngangsparti Øyane DPS. Foto

Blombakkane 75

Blombakkane 75

5353 Straume

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

Praktisk informasjon

På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

      Videokonsultasjon via helsenorge.no

      Videokonsultasjon gjer at pasient og behandlar kan sjå kvarandre under konsultasjonen. Per april 2020 har Helse Vest to godkjente system for videokonsultasjonar: Videotenesta frå Norsk Helsenett (NHN) med moglegheit for innkalling via HelseNorge.no, og Skype for Business (S4B) som krev innkalling via e-post.
      Les meir om videokonsultasjonar via helsenorge.no
      ansatt sitter foran pc-skjermer