Sarkomsenteret
Sarkom er kreftsvulstar som oppstår i bein- eller blautvev (det vil seie bindevev, feittvev, musklar, sener og lignande). Førekomst av sarkom er sjeldan (mindre enn ein prosent av alle nye krefttilfelle). Nødvendig utgreiing og behandling blir utført av ei fleirfagleg spesialistgruppe i regi av Senter for bein- og blautvevssvulstar ved Haukeland universitetssjukehus. Sarkomsenteret ved Haukeland gir tilbod til pasientar med sarkomsvulstar frå heile landet, og har, saman med Radiumhospitalet, nasjonalt ansvar for kirurgi av beinsarkom. Både Kreftavdelinga og Ortopedisk avdeling deltar i drifta av senteret. Fleirregional behandlingsteneste for kirurgi ved beinsarkom er ein del av Sarkomsenteret.
Kontakt
Telefon
Telefonnummer til koordinator ved Sarkomsenteret, besvares ukedager mellom kl. 08.00 – 15.30
E-post
Logg inn for å endre time
Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.
Praktisk informasjon
Sarkom er svulstar som oppstår i bein eller blautvev. Desse svulstane er sjeldne og utgjer berre omlag 1 % av alle nye krefttilfelle.
Her finn du meir informasjon om dei ulike sarkoma og om behandlinga av dei.