Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
ansatte i korttidsposten

Korttidsposten

Korttidsposten er ein døgndriven seksjon i Mottaksklinikken med 20 plassar. Vi tar inn pasientar med avklarte tilstandar og kort forventa opphaldstid (opp til 24 timar).

Pasientane i Korttidsposten kan ha mange ulike tilstandar og sjukdommar, frå alle medisinske fagområde.

Mange pasientar kan skrivast ut frå sjukehuset etter opphaldet hos oss. Andre treng innlegging for vidare behandling i ei spesialeining i sjukehuset.

Ved større hendingar eller andre situasjoner som krev økt beredskap, samarbeider Korttidsposten tett med Akuttmottak. 

Pasientinformasjon

Her finn du meir informasjon om Korttidsposten, og praktisk informasjon om målitd, besøk, internett, osb. 

Pasientinformasjon Korttidsposten
En gruppe mennesker iført røde skjorter

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

1. etasje i Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.
Ta rulletrapp eller heis til første etasje i Sentralblokken og følg skilting til «Korttidsposten». 
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Pårørande er velkommen til å besøke inneliggande pasienter hos oss mellom kl. ​10.00-20.00.

Vi sett pris på om pasientane våre ikkje har besøk under legevisittane.

​​Korttid​sposten har mogelegheit til å legge til rette for kostønske og eventuelle allergiar. Det er viktig at du gir beskjed til personalet om du har spesielle behov.

​​Hvis pasientane tar spesielle medisinar som er viktige, er det fint om pårørande kan ta dei med seg på sjukehuset om mogeleg.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.