Vil du jobbe hos oss?
I Akuttmottak jobbar sjukepleiarar, legar og helsesekretærar. Det er tilsett rundt 100 sjukepleiarar med jamn fordeling mellom kjønna. Legane som arbeidar i Akuttmottak er tilsett i Mottaksklinikken, eller ved ei av dei kliniske einingane i sjukehuset. Helsesekretærane som arbeider hos oss er tilsett i Dokumentasjonsavdelinga.

Ta gjerne kontakt om du er interessert i å jobbe hos oss
Slik jobbar vi i Akuttmottak
Pasientane som kjem til Akuttmottak blir vurdert og får ein hastegrad ved innkomst. tatt imot av sjukepleiar og lege. Pasientane med høgast hastegrad blirt tatt imot av sjukepleiar og lege direkte på rom.
Nokre pasientgrupper blir tatt imot av eit team samansett av ulike personell, for eksempel pasientar med traumer, eller pasientar med uavklåra livstruande medisinske tilstander.
Vaktlaget som er på jobb til ein kvar tid har også personell med ulike spesialfunksjonar
Team i akuttmottak
For fleire grupper pasientar er det sett saman team som skal sørge for rask og strukturert behandling av kvalifisert personell.