Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
SATS Norge
SATS Norge hjelper helsepersonell til å gjere ein systematisk, standardisert vurdering (triage) av akutt sjuke og skadde pasientar i ambulanse, legevakt og akuttmottak.
SATS Norge er basert på South African Triage Scale (SATS), som er utvikla av legar, sjukepleiarar og ambulansepersonell i Sør-Afrika. Den norske versjonen vart utarbeidd av helsepersonell frå sjukehus og ambulanseteneste i Helse Vest i 2013. Innan 2016 var SATS Norge tatt i bruk i alle akuttmottak og ambulansar i Helse Vest.
Etter vurdering med SATS Norge får pasienten ein hastegrad som indikerer kor raskt han eller ho treng tilsyn av lege og sjukepleiar på legevakt eller i akuttmottak.
SATS Norge er i bruk i alle akuttmottak, ambulansar og ved fleire legevakter i Helse Vest.
SATS Norge er administrert av ein regional styringsgruppe med representantar frå akuttmottak og ambulansetenester fra alle helseføretaka i Helse Vest. Styringsgruppa er delt inn i ein administrativ gruppe og ein faggruppe, og har ansvar for oppdatering av SATS Norge, validering og forsking.
Ein ny versjon av SATS Norge er under utvikling, men er noko forseinka grunna tekniske utfordringar. Etter planen skal den nye versjonen prøvast ut i 2026. Ein viktig endring er at TEWS vil bli erstatta av NEWS2 for vaksne (og TEWS for barn bli revidert).
The South African Triage Scale (SATS) og SATS Norge er begge underlagt denne lisensen.
SATS Norge har bearbeidet det originale verket ved å oversette det fra engelsk til norsk, og ved å endre og tilpasse prioritetslistene og skåringstabellene for vitale parametere (for barn og voksne) til norske forhold.