Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Søk jobb hos oss

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein arbeidsstad der medarbeidarane trivst godt. Vi arbeider målretta for å halde oppe trivselen. Kvardagane er prega av høgt tempo, og det er nødvendig med godt samarbeid og lagånd.


Våre tilsette har ulik fagleg bakgrunn og utdanning. Her er bioingeniørar, helsesekretærar, legar, kjemikarar og molekylærbiologar. Vi legg til rette for at dei tilsette skal få utvikle seg både personleg og fagleg.
 
Dei fleste bioingeniørane, men og kjemikarane, er involverte i analysearbeid og systematisk kvalitetsarbeid ved dei analytiske og ikkje-analytiske seksjonane. Seksjonsleiarane og anna driftspersonell ved dei enkelte seksjonane samarbeider med lege om å kvalitetssikre og vidareutvikle analysetilbodet og, om nødvendig, sørgje for at personalet får fagleg oppdatering. 

Avdelinga er godkjend utdanningsinstitusjon for spesialistkandidatar innanfor medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi.

 

Sjå ledige stillingar i Helse Bergen

Les meir om korleis du søkjer jobb i Helse Bergen

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-04-29