Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis søke jobb

Alle som søker jobb må registrere CV og søknad via nettsida vår.

 
Når du registrer deg får du eit brukarnamn og passord. Du vil då kunne redigere, endre og søke på fleire stillingar med same CV.

Du treng ikkje registrere ny CV kvar gong du søkjer på ein jobb i Helse Bergen, men berre skrive ein kortfatta søknad. 

CVen din vil ikkje bli behandla av oss før du søkjer på ei stilling vi har publisert. Du kan få oversikt over tidlegare stillingar du har søkt på.

Som søkjar må du hugse:​

  • ​Registrer god dokumentasjon på utdanning, arbeidserfaring og autorisasjonar i CV-en. 
  • Svar på det annonsen etterspør. 
  • Legg gjerne med vedlegg som attestar, godkjenningar og vitnemål. 
For meir informasjon om stillinga, kontakt den som står nemnd i annonseteksten.
Har du spørsmål av meir generell sort i forhold til jobbsøk er du velkommen til å ta kontakt:​
Sist oppdatert 17.06.2022