-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Innleggingstelefonen for fødande
Alle fødande bør ringje innleggingstelefonen for fødande, før dei drar til Kvinneklinikken - telefonnummer 55 97 22 00. Om du ikkje får kontakt med jordmor på denne telefonen, og du ikkje kan vente og ringe tilbake - ring 113.
Det er berre erfarne jordmødrer som svarer når du ringjer Innleggingstelefon for fødande. Dei vil høyre på det du fortel, gi deg råd og saman med deg planlegge kva som skal skje vidare.
Innleggingstelefonen er for akutte problemstillingar (tilsvarande nødtelefon 113).
Du kan dessverre ikkje bruke denne tenesta til rådgiving som ikkje hastar og kan vente til du tar kontakt med eigen lege, jordmor eller legevakt. Når vi vurderer det slik at problemstillinga kan bli løyst der, vil vi be deg om å ta kontakt med ein av desse.
Når ringjer eg Innleggingstelefonen for fødande?
Du treng ikkje ta kontakt med oss på førehand for å bestille fødeplass. Innleggingstelefonen skal primært bli brukt for å melde frå om at fødselen er i gang og at du er på veg til Kvinneklinikken.
På bakgrunn av din og barnet sin situasjon, samt plass/pågang på det tidspunktet, vil jordmor gjere ei vurdering av kva for ein av dei tre fødeseksjonane våre du skal til.
Då kan seksjonen du skal føde på planlegge mottakinga av deg, ved å gjere klar fødestove og avklare kven som skal ha ansvar for og ta i mot deg, i tillegg til å ha ansvar for å følgje deg opp.
Er du usikker på om fødselen er i gang, eller det oppstår endringar hos deg eller barnet som uroar deg, kan du også kontakte jordmor via Innleggingstelefonen.
Vi frarådar våre gravide å stole på lytteutstyr som du kan bruke til å lytte på hjartelyden til barnet heime. Dette gjeld særleg om du kjenner lite liv. Då er det viktig at du ring Innleggingstelefonen for å få råd og rettleiing.
Her er meir informasjon om dette med lite liv i magen: Graviditet - Lite liv i svangerskapet - Helse Bergen (helse-bergen.no)
Kva betyr det å vere i aktiv fødsel?
Teikn på at fødselen er i gang