-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Til pasientar ved Brannskadeavdelinga
Brannskadepasientane vi behandlar varierer frå den alvorleg kritisk sjuke intensivpasienten til den vakne snart utskrivingsklare pasienten som klarer å ete og drikke sjølv. Felles for dei er at dei gjennom opphaldet treng gjentekne sårstell og kirurgi.
Huda er eit viktig og stort organ på kroppen. Ein alvorleg brannskade kan påverke kroppens evne til å oppretthalde sentrale organfunksjonar som pustefunksjon og blodsirkulasjon. Den intensive brannskadepasienten treng difor ofte hjelp til å puste på ein pustemaskin, og hjelp til å oppretthalde sentrale organsfunksjonar som dømes pustefunksjon eller blodsirkulasjon.
Avdelinga har spesialutdanna personale, og det er mykje medisin teknisk utstyr. Det vil alltid vere ein intensivsjukepleiar inne hos pasienten.