Hjarterehabilitering
For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp til å kome attende til normal aktivitet. Korleis ein opplever akutt sjukdom avheng av mange faktorar: Til dømes kva for livssituasjon ein er i og tidlegare erfaring med sjukdom. I dag veit vi at kunnskap om og innsikt i eigen sjukdom, verkar positivt inn på korleis vi meistrar sjukdomen. Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har eit variert rehabiliteringstilbod som kan hjelpe deg å ta vare på eiga helse. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med.
Kontakt
Telefon
- Måndag 08:00 - 15:00
- Tysdag 08:00 - 15:00
- Onsdag 08:00 - 15:00
- Torsdag 08:00 - 15:00
- Fredag 08:00 - 15:00
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT
Telefonen besvares mellom kl. 08.00 - 09.00 og mellom kl. 14.00 - 15.00.
Slik finn du fram
Møllendalsbakken 9a
Praktisk informasjon
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har eit variert rehabiliteringstilbod som kan hjelpe deg å ta vare på eiga helse. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med.
Gjennom kurset får du informasjon gjennom undervisning, video, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering.