Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Ungdomsrommet i Glasblokkene

Ungdomsrommet i Glasblokkene er for deg som er ung og på sjukehus. Rommet er meint som ein stad der du kan kople av frå behandling og det er fritt for helsepersonell. Hit kan du ta med deg venner, eller gå åleine. Det er opp til deg.

To jenter i sofa. Foto
På tide å chille?

Ungdomsrommet er laga for at unge skal ha ein eigen plass å slappe av, sjå på TV, spele playstation eller spel på pc. På ungdomsrommet er det ein romsleg sofa med masse puter, arbeidsbord med stolar, og fleire sittekrokar. I vindaugskarmane er det sittebenkar og ei fantastisk utsikt over Bergen.

Kvar og når?

Ungdomsrommet finn du i 3.etasje blokk 4 (same etasje som Sjukehusskulen) i Glasblokkene. Rommet er tilgjengeleg kvar dag frå 08.00 til 22.00. ​

Du treng nøkkelkort 

Alle ungdommar ved Haukeland universitetssjukehus kan bruke Ungdomsrommet i Glasblokkene. Rommet er låst med kortlesar. Du kan låne nøkkelkort i i resepsjonen i 1.etg i Marie Joys Hus eller i resepsjonen i Glasblokkene. Det er også mogleg å be personalet på avdelinga om å kontakte Haukeland sine frivillige, som kan følge deg til Ungdomsrommet i Glasblokkene.

Personalet ved Barne- og ungdomsklinikken har tilsyn med rommet. Ungdommane som bruker rommet har sjølve ansvar for å rydde etter seg.

Hugs god handhygiene og desinfeksjon av utstyr etter bruk!

Vi håper du vil trivast på Ungdomsrommet i Glasblokkene.

Ungdom på sjukehus

Her på Haukeland ønsker vi å legge til rette for at ungdom får god, tilpassa informasjon om sjukdom og behandling. Vi vil gjere vårt beste for at du skal kunne halde kontakt med vener og familie, og at du ikkje går glipp av for mykje skulegang.
Les meir om ungdom på sjukehus
Ungdomsraadet_DSC08436_banner.jpg

Ungdomsrådet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har etablert eit ungdomsråd for å auke brukarmedverknaden i aldersgruppa 12 til 25 år. Ungdomsrådet består av 11 personar frå ulike kommunar i Hordaland som er eller har vore pasientar ved sjukehuset.
ungdomsradet
Ungdomsrådet_oppstart_1.jpg
Maŋemus ođastuvvon 2022-09-19