Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rotårsaksanalyse

Rotårsaksanalyse (root cause analysis = hendelsesanalyse) er ein systematisk metode for å identifisere underliggande årsaker til ei uønska hending.

En gruppe mennesker som smiler
Helse Bergen

​Regional smittevernplan har 3 risikoreduserande tiltak som omfatter bruk av rotårsaksanalyser:

Tiltak 10: Helseføretak skal gjennomføre rotårsaksanalysar for definerte alvorlege helsetenesteassosierte infeksjonar og mikrobar etter standardisert mal

Tiltak 55: Rotårsaksanalyse og internrevisjon skal nyttast i forbetringsarbeidet innan smittevern

​Tiltak 56: RKS kan bistå til kompetanseheving i rotårsaksanalyse for smittevernpersonell i regionen​

I artikkelen Rotårsaksanalyse - et verktøy til forbedringsarbeid har Folkehelseinstituttet samla dokument og informasjon for hjelp til arbeidet.

Regionalt kompetansesenter for smittevern har utarbeida verktøy og skjema som kan nyttast i føretaka ved oppstart og gjennomføring av rotårsaksanalyse​. 

Driverdiagram rotårsaksanalyse.pdf

  • Gir en oversikt over ulike steg føretaka kan vurdere før dei definerer ved kva helsetenesteassosiert infeksjon og mikrobe føretaket skal gjennomføre rotårsaksanalyse. Merk: kvart sjukehus må vurdere kva nivå som skal definere aktuell mikrobe eller HAI (leiinga i føretaket, sekjsonsleiar eller smittevernkoordinerande lege)

Flytskjema rotårsaksanalyse.pdf

Presentasjon regionmøte høst 2022.pptx av rotårsaksanalyse på regionalt smittevernmøte hausten 2022. 


​​Ta gjerne kontakt med Regionalt kompetansesenter om de har spørsmål.

​Smittevernteamet ved Haraldsplass diakonale sykehus har i 2023 valt å gjennomføre rotårsaksanslyse dersom det oppstår helsetenesteassosierte blodbaneinfeksjonar knytt til perifer venekanyle.


Eksempel på LL etter rotårsaksanalyse HAI blodbaneinfeksjon etter PVK.pdf

Eksempel på rapport etter gjennomført rotårsaksanalyse etter HAI PVK blodbaneinfeksjon.pdf

Sist oppdatert 09.10.2023