ReHabiliteringsveka

ReHabiliteringsveka er ei årleg nasjonal markering og har som mål å bidra til auka merksemd, publisitet og erfaringsutveksling innan habilitering og rehabilitering.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Den nasjonale strategien for habilitering og rehabilitering 2008 – 2011 er avløyst av Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011 – 2015. Planen beskriv dei sentrale måla og tiltaka i Samhandlingsreforma. Styrking av habilitering og rehabilitering er eit av dei sentrale grepa.

ReHabiliteringsveka 2016

”Det skal legges økt vekt på helsefremmende og forebyggende arbeid, på habilitering og rehabilitering, på økt brukerinnflytelse, på avtalte behandlingsforløp og forpliktende samarbeidsavtaler mellom kommuner og sykehus. Den kommunale helse- og omsorgstjenesten skal styrkes og spesialisthelsetjenesten skal videreutvikles”.
(Meld. St.16 (2010-2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011 – 2015.

ReHabiliteringsveka har vore arrangert i oktober kvart år sidan 2008 i eit samarbeid mellom helsetenestene nasjonalt, regionalt og lokalt, brukarorganisasjonar, fylkesmennene og andre samarbeidspartnarar.
Det er dei regionale koordinerande einingane for habilitering og rehabilitering i kvar helseregion som saman med Helsedirektoratet er initiativtakarar og pådrivarar for arrangementa og samarbeider om det nasjonale programmet.

Kvart år vert det valt eit hovudtema for markeringa. Dei regionale koordinerande einingane for habilitering og rehabilitering har eigne aktivitetar i ReHabiliteringsveka.

Det er brukarorganisasjonar og fagpersonell frå ulike sektorar i kommunar og spesialisthelsetenesta, spesialpedagogiske støttesystem, utdanningsinstitusjonar, NAV med fleire som sjølv kan planleggje og gjennomføre arrangement som fagdagar, stands, forelesingar, miniseminar, open dag eller andre aktivitetar.

Her er det med tiltak og tenester innan somatikk, psykisk helse og rusomsorg for alle aldersgrupper, innan alle sektorar og tenestenivå.
Målgruppa er brukarar, fagfolk og dei som tek avgjerder i helse- og sosialtenesta, utdanningssystemet, arbeidslivet og organisasjonane.