HELSENORGE

Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløp psykisk helse og rus skal styrke det heilskaplege behandlingstilbodet til pasientar med psykisk helse- og rusmiddelproblem.
mor og datter
Foto: colourbox.com

Frå 1. januar 2019 har alle som blir tilvist til spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern/rusmedisin og får rett til nødvendig helsehjelp, blitt omfatta av eit pakkeforløp.

Å vere ein del av eit pakkeforløp vil seie at du som pasient får eit utgreiings- og behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Pakkeforløp inneber at du som pasient skal få vite kva som skal skje, når det skal skje og kven som har ansvaret.

Utgreiing

Kva behandling du treng og kor lenge ho vil vare, veit vi først når vi har blitt betre kjent med deg. Det blir vi gjennom ei basisutgreiing. Ei slik basisutgreiing skal som hovudregel gjerast ferdig i løpet av seks veker frå din første samtale på sjukehuset. For mange vil denne utgreiinga vere nok.

Om vi treng lenger tid, skal vi saman med deg lage ein plan for vidare utgreiing som består av fleire samtalar og undersøkingar.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er heilt sentralt i pakkeforløpa. Helsepersonell skal involvere deg i alle avgjersler som gjeld deg. Når du ber om hjelp, skal du få god informasjon om dei ulike behandlingsalternativa og tilboda som finst, og som er nyttige for din tilstand, slik at du kan ta eit informert val om behandling og oppfølging.

Du skal og involverast i å lage din eigen behandlingsplan. Undervegs skal du kunne gi tilbakemelding,  slik at behandlinga di kan justerast om nødvendig.

Viss du opplever å ikkje bli høyrt eller tatt med i avgjersler som gjeld deg, bør du ta dette opp med ansvarlege fagpersonar eller nokon du har tillit til, som kan hjelpe deg å formidle dette vidare.

Rett til individuell plan

Mange har bruk for fleire tenester over lang tid. Viss du har behov for det, har du rett til ein individuell plan der du i samarbeid med dei som gir deg tenestene, set opp mål for deg, kva tiltak som skal til for å nå måla og kven som har ansvaret.

Forløpskoordinator

Når du er i eit pakkeforløp, får du ein forløpskoordinator. 

Forløpskoordinatoren vil vere ein kontaktperson for deg og eventuelt for dine pårørande, og kan svare på spørsmål og gi informasjon om kva som skal skje undervegs i forløpet ditt. Koordinatoren skal sørgje for at du unngår unødig venting og at det blir kontinuitet i behandlinga di.
Sjå oversikt over forløpskoordinatorar - pakkeforløp psykisk helse


Ønskjer du å vite meir om pakkeforløp?​

Kva betyr pakkeforløpa for deg som pasient eller pårørande - informasjon på helsenorge.no

Presentasjonar frå regional implementeringskonferanse i Bergen 15. oktober 2018

Overordnet målsetning, pakkeforløp, brukermedvirkning og måling, Helsedirektoratet Barn og ungdom i pakkeforløp, Linda Flygel Knudsen, seksjonsleder, PBU Det helhetlige forløpet, om overganger koordinering og samhandling, Bergen kommune Pakkeforløp for psykisk helse og rus, Eivind hansen, Adm dir, haukeland universitetssjukehus Kva er viktig for oss brukarar, Ove Vestheim leder i Erfaringspanelet psykisk helse og rus, Helse Bergen Registrering av Pakkeforløpene i praksis, Rose Mari Eikås, rådgiver, seksjon for e-helse, Helse Bergen Somatisk helse og levevaner, Rune A. Kroken Avdelingssjef ASP førsteamanuensis II UiB Pakkeforløp psykisk helse og rus – sett fra kommunen, Tord Moltumyr, Helsesjef i Meland / kommuneoverlege i Meland og Radøy Pakkeforløp - vegen vidare

Spørsmål og svar om pakkeforløp

1. Kvifor innfører vi pakkeforløp?

Innføringa av pakkeforløp skal styrke det heilskaplege behandlingsforløpet. Formålet med pakkeforløp er:

  • Større forutsigbarheit og tryggheit for pasienten  
  • Likeverdig behandling uavhengig av kor ein bur
  • Unngå unødvendig ventetid
  • Større brukarmedverknad og brukartilfredsheit
  • Betre ivaretaking av somatisk helse og levevanar
  • Betre samhandling og overgangar
  • Meir systematiske evalueringar

2. Omfattar pakkeforløp alle pasientar i psykisk helsevern og rus?

Alle som blir tilviste spesialisthelsetenesta innan Tverrfagleg spesialisert rusbehandling og psykisk helse og får rett til nødvendig helsehjelp, blir omfatta av pakkeforløp.

3. Kva oppgåver ligg til rolla som forløpskoordinator?

Forløpskoordinator skal vere tilgjengeleg for pasient og pårørande og involverte instansar, til pasienten har fått eigen behandlar.
Forløpskoordinator har overordna ansvar for at

  • forløpstider blir følgde
  • forløpet blir koordinert
  • målepunkt blir koda

4. Blir det tildelt ekstra midlar for å innføre pakkeforløp?

Nei.

5. Blir vi målt på pakkeforløp?

Ja. Dei første rapportar er planlagde å komme 30.05. 2019.

6. Kva for dato skal ein starte pakkeforløpet?

Første pasient blir tilvist til dei tre generelle pakkeforløpa 01.01. 2019
Første pasient blir tilvist til dei tilstandsspesifikke pakkeforløpa 15.02. 2019.

7. Dersom pakkeforløpet starta i anna helseforetak, kva for dato skal ein starte pakkeforløpet?

Pakkeforløpet startar i eige føretak den dato tilvisinga blir mottatt. Ein skal også registrere inn dato for "Start pakkeforløp første helseføretak" og namn på dette.

Fann du det du leita etter?