Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En bygning med parkeringsplass

Vi bygger om og moderniserer Årstadhuset

Tidlegare Kvinneklinikken har endra namn til Årstadhuset. Planen er at Årstadhuset blir bygd om til pasientbehandling innan psykiatri og rus. Konseptrapport for Årstadhuset er vedtatt av styret i Helse Bergen og Helse Vest RHF. 

Bygging av Kvinneklinikken starta i 1916 og vart opna 22. februar 1926. Same år så 826 nye bergensarar dagens lys på den nye klinikken. Nær hundre år etter, hausten 2023, flytta Kvinneklinikken over til Glasblokkene på Haukelandsområdet. Bygget fekk namnet Årstadhuset, og arbeidet med plan for huset er godt i gang. Om fire til fem år skal Årstadhuset vere klar for pasientbehandling innan psykiatri og rus.  

I tillegg til å bygge om og rehabilitere det gamle bygget, skal vi gjennomføre eit omfattande organisasjonsutviklingsprosjekt. Teknologi, arbeidsprosessar, kompetanse, kultur og organisering skal underbygge visjonen for kva det nye Årstadhuset skal bli. 

Tal og fakta 

  • Antall kvadratmeter som skal bli rehabilitert: Ca. 18 000 m2  
  • Antall senger: 92 

Kontaktpersonar 

Eirik Elsaas, programleiar

E-post: dph@helse-bergen.no 

Aktuelle nyheter

    Sist oppdatert 19.02.2024