Ein mann, 1000 oppgåver og 100.000 pasientar
- Hello dr Johansson, I could really use a computer, seier den unge tilsette til overlege Kjell Arne Johansson. – I`ll see what I can do, svarar den energiske rogalendingen på eitt av tallause spørsmål han får på ein vanleg dag på jobben på Zanzibar.
Kjell Arne er professor i medisinsk etikk og til vanleg overlege ved Avdeling for Rusmedisin på Haukeland. Han arbeider for tida på LAR-poliklinikken, på psykiatri og nevrologi poliklinikken og på 3 avdelingar med 90 senger til saman ved Kidongo Chekundu-sjukehuset på Zanzibar. Kidongo Chekundu er ein del av Mnazi Mmoja-sjukehuset, det største på Zanzibar og ein organisasjon Haukeland universitetssjukehus har hatt samarbeid med i mange år. LAR-poliklinikken er ein av svært få i Afrika, og nokon meiner denne er ein av dei mest veldrevne i heile Afrika.
Rett i jobb
Før arbeidsstart på poliklinikken rekk Kjell Arne å vere med på eit morgonmøte på sjukehuset og han løyser fleire små og store problem heile tida undervegs. Det kan sjå ut som at alle har noko å ta opp med den norske legen – som med godt humør svarar så godt han kan på ei blanding av engelsk og swahili. På eitt av kontora er det ein pc som ikkje verkar: - It´s probably a loose cable, seier Johansson, som resolutt tar tak bak datamaskina, set i den lause kabelen og alt er i orden.
Imponerande oppmøte
Utanfor LAR-poliklinikken, i den trykkande varmen, står mange menn og nokre få kvinner tålmodig i kø for å få utdelt dagens dose av metadon. Heroinmisbruk er utbreidd på Zanzibar, som i mange hundre år har vore ei transitt-øy for ulike smuglarvarer. Framleis går mykje narkotikatrafikk via øya på vegen til Europa og Nord-Amerika.
- Det er mange som misbruker heroin her på øya, og dessverre når vi alt for få med LAR behandling her, seier Kjell Arne. Men heldigvis røyker dei fleste heroin, i staden for å injisere det, og dette reduserer trass alt overdosefaren betraktelig, seier han vidare.
- Dette er ei velfungerande ordning. Oppmøtet er svært høgt, faktisk betre enn det vi opplever i Norge, fortel Johansson.
Johansson fortel videre at dei er svært nøgde med rutinane for LAR-medisineringa. Av dei 330 pasientane som kjem kvar dag for å hente metadon, er det 50 pasientar med HIV. Dei får integrert HIV- og rusbehandling og blir fulgt opp av klinikarane minst ein gong i månaden. Forskning visar at slik integrert HIV-behandling betrar overlevelsen mykje, den er til og med høgare enn HIV-behandling av ikke-opioidavhengige HIV-pasientar.
- Vi har god oversikt over dei pasientane som har HIV. Desse pasientane kan ellers vere vanskelege å spore opp og få til å gå til jamleg medisinering. Men metadonen vil dei ha – og då nyttar vi sjansen til å også gje dei HIV-medisin når dei likevel kjem.
Ikkje berre LAR
Sjølv om denne dagen byrjar på LAR-poliklinikken, er dette arbeidet berre litt av det Kjell Arne fyller dagane med.
Denne dagen arbeider Johansson òg med planane om eit nytt psykiatrisk sjukehus som skal byggast på Zanzibar - i tillegg rekk han og eit møte med fungerande sjukehusdirektør på Mnazi Moja.
- Eg jobbar no to dagar i veka på psykiatri/nevrologipoliklinikken og to dager i veka på kvinneavdelinga for pasientar med psykiske lidingar, fortel overlegen. I tillegg til dette går arbeidstid og fritid med til andre oppgåver. - Ein dag i veka, pluss på kveldar, ettermiddagar og ledige stunder, jobbar eg og med renovering av sjukehuset. I tillegg er vi i gang med ein ganske ambisiøs oppskalleringsplan av psykiatritjeneste i primærhelsetenesta. Eg har laga ei retningslinje for dette og i juni blir det iverksetting av denne på 40 primærhelsesjukehus i Pemba og Unguja på Zanzibar.
Ruslidingar og psykiatrisk sjukdom er svært stigmatiserande på Zanzibar. Johansson har samman med dei zanzibarske kollegaene jobba intenst for at rusliingar og mental helse skal få økt merksemd i nasjonale planar og prioriteringar på Zanzibar, og han blir hyppig tatt med på råd av beslutningstakarne både på sjukehuset og i helseministeriet. Han har lang erfaring med å samarbeide med ulike aktørar om prioritering og helseplanlegging som professor i medisinsk etikk og global helse ved UiB. - Til forskjell fra jobben min som forskar og rådgivar er dette prioriteringar i praksis. Ei svært verdifull erfaring både med tanke på hva ein kan få til med få ressurser, men også med de mange utfordringane som oppstår i den kliniske kvardagen i et lavinntektsland, sier Kjell Arne.
Lagar til medisin i spann
Tilbake på LAR-poliklinikken får vi demonstrert sjølve tillaginga av metadon som skjer på medisinrommet, skjerma frå pasientane bak låste dører og gitter. Metadonen blir blanda til i store fat, før brukardosane blir tilpassa. Det er enkelt og uvant – men fungerer svært godt og effektivt, fortel Johansson.
Overlegen fortel videre at dei i tillegg til godt oppmøte har bra oversikt over pasientar som ikkje møter opp. Fleire ved poliklinikken har til oppgåve å kalle inn pasientar som ikkje møter. Johansson har laga enkle, men velfungerande skjema i excel, der pasientdata er plotta inn. Dei som ikkje møter – blir oppringt eller oppsøkt.
- Det har vore – og er svært givande å få til noko så velfungerande her på Zanzibar, seier Johansson. Når du kjem hit som nordmann ser du at helsetilbodet er langt under det vi er vane med. Samfunnet er heller ikkje så organisert som vårt, og ressursane svært knappe. Men dette har vi fått til. Vi har vore med og støtta dei som jobbar her med å utvikle enkle, men gode rutiner for utdeling av LAR. Det er viktig at det vi skapar er noko som lever videre når vi ikkje er her lenger. Det er eg sikker på at vi har klart med denne poliklinikken – og det er eg stolt over at vi har fått til, avsluttar Johansson.